nyhende
Dårleg vasstrykk: — Har ein mistanke om kva det skuldast
Har du opplevd dårleg vasstrykk i det siste? Sveio kommune har ein mistanke om kvifor.
— Det er for tida høgt vassforbruk i Sveio kommune. Dette medfører dårlegare forsyningskapasitet til abonnentane, og dei som bør høgt i terrenget mister vasstrykket, skreiv kommunen på si nettside onsdag.
Ulovleg frost-tapping
Kommunen trur dei veit kva utfordringane skuldast, og kjem med ein peikefingar til vassabonnenante.
— Me mistenker at det er mange som frosttappar, og/eller at det er lekkasjar frå private anlegg no som det er komem mildvêr, skriv kommunen på nettsiden sine.
Då Vestavind snakka med fagleiar for vann og avløp i Sveio kommune, Tore Johann Enerstvedt litle julaftan, kunne han fortelje at forbruket var gått noko ned, og situasjen var noko betre då.
Men han oppmodar like fullt folk til sjekke sine anlegg for eventuelle lekkasjar, og minnar om at såkalla frosttapping ikkje er lov.
— Det er gjerne eigarar av bygningar kor røyr er dårleg isolerte eller ligg for grunt i bakken – og som tidlegare har opplevd at røyr frys – som tyr til slike løysingar, seier han.
Men det vil altså ikkje kommunen ha noko av. Ernerstvedt seier at det skal berre nokre titals tilfelle med frosttapping til, så merkast det godt i vassnettet.
I verste fall kan det også få konsekvensar ved brann, kor brannvesenet kan oppleve å få tilgong til for lite vatn.
Kan råke brannvatnet
Det er mange hytter i Sveio, men ifølgje Enerstvedt har kommunen ikkje grunnlag for å peike på hyttefolk som verstingar når det gjeld ulovleg frosttapping. Han seier det truleg finst døme blant einebustdar, hytter, naust og i næringsbygg.
Kommunen har elles drive aktivt søk etter vasslekkasjar denne veka.
— Me har funne eit par lekkasjar på private anlegg som no er stengd i påvente av reparasjon, fortel Enerstvedt.