nyhende

Det blir mindre norske plommer i butikkane i år. Plommehausten er halvert på Vestlandet. Illustrasjonsfoto : Berit Roald / NTB / NPK

Dårleg plommehaust i vest

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det kan bli lite norske plommer å finne i butikkane i haust. Prognosen for Vestlandet er på 566 tonn, ei halvering frå i fjor.

– Det var for kaldt. Biene har ikkje fått gjort jobben sin skikkeleg, seier fruktbonde Eyvind Reme i Innvik til NRK.

Fjoråret var eit rekordår for plommedyrkarane med 1.800 tonn plommer på landsbasis. I år ser det altså dårleg ut, særleg på Vestlandet. Gartnerhallen har om lag 75 prosent av totalmarknaden på plommer, og distribuerte i fjor 1.400 tonn. Kulturansvarleg Knut Amund Surlien fortel at prognosane i år er på 750 tonn. Med det klarer dei ikkje å dekke etterspurnaden.

– Til no har vi ein dekningsgrad mellom 20 og 25 prosent av etterspurnaden i butikk. Det er ganske lågt så langt ut i sesongen, seier han. Han håpar dekninga blir betre i toppsesongen om nokre veker.

På Austlandet er plommehausten betre, og Surlien fortel at område rundt Lier og Svelvik har nesten like stor produksjon som Vestland fylke, noko som er veldig uvanleg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS