nyhende

Dalasauen 100 år: Bestanden er i vekst, men likevel trua

– Utsjånaden til sauen er viktig for oss som driv med dalasau. Du skal kunne kjenne att ein ekte dalasau, seier Eileen Aasheim. Ho er ei av fleire som no satsar på dalasauen, ein trua rase som i år jubilerer.

Publisert Sist oppdatert

Eileen Aasheim på Osterøy er leiar for Reinrasa sau Vestland, eitt av fylkeslaga under Landslaget for reinrasa norsk sau og sekretær for den nasjonale foreininga. I fjor var det registrert rundt 800 rase-godkjende dala-avlssøyer her i landet. Sjølv om stadig fleire sauebønder vel å satse på dalasauen, er den tradisjonelle norske sauerasen framleis ein trua art.

Den karakteristiske dalasauen er storvaksen og grovbygd. Vaksne søyer veg gjerne mellom 80 og 100 kilo. Sauen er hovudsakleg kvit, men det finst også svarte og brune individ. Typiske kjenneteikn er brei nakke, store slake øyre og brei mule med svart nase. Halen er lang og klauvene svarte.

Frisk, triveleg og mykje ull

Dalasauen blir karakterisert som ein frisk, triveleg og spak sau som går roleg i fjellet, der han passar godt på lamma sine

Dalasauen er også kjent for å ha masse ull av god kvalitet på kroppen. Fram til 1960-talet og delvis på 1970-talet var dette den dominerande sauerasen her i landet. Men auka krav til effektivitet gjorde at det vart jobba med å avle fram rasar som kunne føde endå fleire lam og oppnå betre slakteklassifisering.

Ei søye av dalarasen får som oftast tvillingar, medan ein i rasen Norsk kvit sau (NKS) kan få både fire, fem og seks, ja til og med sju, lam på ein gong.

NKS er den mest vanlege sauerasen her i landet i dag. Søyene har mindre ull enn dalasauen, men oppnår jamt over betre klassifisering som slakt og får fleire lam. Men dalasauen var ein viktig bidragsytar då Norsk kvit sau vart avla fram.

– Likevel er det fleire som har hatt NKS-sauer som vil gå tilbake til reinrasa dalasau. Vi snakkar her om ein sau som ser harmonisk og flott ut, med masse ull, men også ein sau med lågt lammetal. For enkelte kan det vere nostalgi, men mange vil helst ha sauer som får færre lam. Dei som får mange lam per sau må ofte mata lam med flaske, og det er ikkje alle som synest det er greitt. Fleire har gitt uttrykk for at dei ikkje vil ha søyer som får fleire lam enn dei greier å ta seg av sjølve, seier Eileen Aasheim.

Engelske sauer kryssa med spælsau

Det var altså i 1923, at dalasauen vart ein realitet her i landet. På 1800-talet vart det importert engelske leicestersauer til Vestlandet, blant anna til Vik i Sogn og Halsøy i Sunnhordland. Rasen spreidde seg til Voss, der han vart kryssa med norske tradisjonelle artar som spælsau. Den nye rasen fekk først namnet vossasau, før det endelege namnet vart dalasau.

På kort tid vart dalasauen dominerande i store delar av Sør-Noreg, særleg i dei indre bygdene på Sørlandet og Vestlandet og i dal- og fjellbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Rasen slo ikkje gjennom i kystdistrikta, der vart han rekna for å vere for kravfull.

Utstillingar i jubileumsåret
Dalasau-entusiastane har hatt utstillingar med dømming fleire stader denne hausten, slik som Hidra og Hægebostad i Agder, Toten i Oppland, fleire stader i Rogaland og Møre og Romsdal, Voss i Hordaland og Engerdal i Hedmark.

Sårbare og trua sauerasar

Tal frå Sauekontrollen viser at det er fleire sauerasar som er sårbare eller trua her i landet. Også grå trøndersau, ryggjasauen og steigarsauen er saman med dalasauen klassifiserte som trua. Blæsa sau er karakterisert som sårbar.

Den gammalnorske spælsauen er ikkje trua. Det var i fjor nesten 15.000 avlsklare søyer av denne rasen.

Landslaget for reinrasa norsk sau har som si viktigaste oppgåve i å formidle livdyr og syte for kontrakt mellom interesserte bønder.

Bok om jubilanten

I samband med jubileet har Jon Møretrø skrive ei bok om den 100 år gamle norske sauerasen. Møretrø vaks sjølv opp på ein gard med dalasau, og denne interessa har han teke med seg vidare i livet. Dette trass i at han har budd heile sit vaksne liv i urbane strøk i Bergen.

Møretrø har vore ein viktig ressurs for dalasauen i Vestland dei siste åra, og ifølgje Eileen Aasheim i Landslaget for reinrasa norsk sau han ha stor ære for det aktive miljøet ein ser i dag. Boka hans gir eit rikt innblikk i historia til avlsarbeidet for dalasauen.

Powered by Labrador CMS