nyhende

Då Noreg okkuperte det austlege Grønland

Ein gjeng norske fangstfolk proklamerte ein sommardag for 93 år sidan Aust-Grønland for norsk territorium. Klarsignalet for okkupasjonen kom i eit koda telegram.

Publisert Sist oppdatert

Ein gjeng norske fangstfolk proklamerte ein sommardag for 93 år sidan Aust-Grønland for norsk territorium. Klarsignalet for okkupasjonen kom i eit koda telegram.

Det var 27. juni i 1931 at fem norske fangstmenn på den kombinerte meteorologi-, radio- og fangststasjonen Myggbukta heiste det norske flagget og proklamerte området som norsk territorium.

Det har ofte vore framstilt som om at dei nærmast handla på eiga hand, med sterk støtte frå aktivistar i heimlandet, og utan støtte frå norske styresmakter. Dette meiner historikar og professor emeritus Einar-Arne Drivenes ved Universitetet i Tromsø ikkje stemmer.

– Telegrammet kom rett nok ikkje frå norske styresmakter, men frå aktivistane Adolf Hoel og Gustav Smedal, fortel professoren til Nynorsk pressekontor.

Smedal var leiar i Norsk Grønlandslag, som var ein landsomfattande organisasjon som arbeidde for å gjere Aust-Grønland til ein del av Noreg. Hoel var også sentral i dette miljøet.

Dagen før sjølve proklamasjonen kom det eit koda telegram til stasjonen. Telegrammet gav mennene ordre om å aksjonere for å vise omverda at området tilhøyrde kongeriket Noreg. Dei som heiste det norske flagget dagen var fangstmennene Thor Halle, Eiliv Herdal og Ingvar Strøm, pluss meteorologen Hallvard Devold og arkeologen Søren Richter.

Eirik Raudes Land

Dei fem erklærte høgtideleg at området mellom Carlsbergfjorden i sør til Besselforden i nord skulle vere norsk land. Dei gav området namnet Eirik Raudes Land, etter den norske vikingen som ifølgje fleire kjelder skulle ha oppdaga Grønland i år 985.

Dagen etter nådde nyheita frå Aust-Grønland norske aviser, og mange gjekk ut med støtte til annekteringa. Dagbladet var ei av avisene som gav full støtte til aksjonistane.

Etter at dei norske fangstmennene sende telegrammet frå Myggbukta om flaggheisinga, vart det lagt press på den norske regjeringa om å proklamere ein statleg okkupasjon. Dette skjedde 10. juli 1931, og alt same dagen sende Danmark saka til Haag-domstolen.

Det var eit stort problem. Kiel-traktaten frå 1814 slo nemleg klart fast at Grønland var dansk. I denne traktaten vart også Noreg overført til Sverige, samstundes som Danmark fekk behalde dei gamle norske områda Grønland, Island og Færøyane.

Mange i Noreg såg på dette som ein historisk urett. Og Danmark protesterte kraftig mot det dei kalla den norske okkupasjonen, og dei bad Den internasjonale domstolen i Haag om å vurdere saka. Meir om det seinare.

Kart: Erik Bolstad / snl.no

«Terra nullius»

Noreg hadde aldri godkjent Kiel-traktaten, og etter unionsoppløysinga i 1905 var det interesse for Grønland igjen. Det var ikkje snakk om å utfordre den danske suvereniteten over Vest-Grønland, men mange her i landet meinte at Aust-Grønland, som var svært tynt folkeset, måtte sjåast på som eit herrelaust ingenmannsland, «terra nullius» på latin.

Professor emeritus Einar-Arne Drivenes meiner konflikten om Grønland mellom Danmark og Noreg starta i 1921, då Danmark utvida suvereniteten sin frå berre å omfatte dei folkesette områda av Vest-Grønland, til å gjelde heile Grønland.

Dette vekte sterke reaksjonar i Noreg. Nordmenn hadde i mange år drive fangst på Aust-Grønland, og det var frykt for at dette kunne hindre norsk fangst ikkje berre på land, men også til havs.

– Etter kvart kom det meste til å handle om nasjonale kjensler provoserte fram av det mange meinte var den historiske uretten i Kiel-traktaten, der Grønland, Island og Færøyane gjekk tapt for Noreg, seier Drivenes.

Mållag og ungdomslag

Dette førte også til organiseringa og mobilisering for å fremje norske interesser på Aust-Grønland. Mållag og ungdomslag var viktige støttespelarar. Rundt 30 prosent av kommunestyra i landet sende resolusjonar til regjeringa og Stortinget, og i 1926 vart Noregs Grønlandslag stifta, fortel han.

Frå 1924 og utover trappa både Noreg og Danmark opp den økonomiske og vitskapslege aktiviteten i dei omstridde områda. Det var viktig for å kunne krevje suverenitet, ifølgje Drivenes.

I 1932/33 okkuperte den norske staten også eit område på Søraust-Grønland dei kalla for Fridtjof Nansens Land. Ingen av dei norske okkupasjonane omfatta grønlandske busetjingar.

Regjeringa sende i 1932 Helge Ingstad over til Aust-Grønland som offisiell representant. Han var jurist, men hadde også lang erfaring frå arktiske strøk. Han tok seg til fangststasjonen Antarctichavn. Stillinga hans var tilsvarande sysselmann, som på Svalbard.

Juristen og polarentusiasten Helge Ingstad vart utnemnd av regjeringa til sysselmann på Aust-Grønland.

Dommen i Haag

I 1933 fall dommen i Haag. Noreg tapte på alle punkt. Det var ein nedtrykt Helge Ingstad som måtte innsjå at Aust-Grønland var tapt for heimlandet. I boka «Øst for den store breen» skriv han blant anna dette:

«Det blir ikke sagt stort. Men likesom tilfeldig faller det sig slik at vi, en efter en, reiser oss stille og søker ut av hytten. Omkring oss ligger landet gnistrende kvitt under vårsolen. Der skimter vi innløpet til Drømbukten på den andre siden av fjordisen, hvor skrugardene hildres til værs. Der er Nansenryggen, der er Steinrøisdalen og haugen hvor den første moskusen blev skutt. Bakom stiger landet forjettende frem med fjell bak fjell, alt dette vi har levd oss inn med og regnet som vårt.»

Det som skjedde på Aust-Grønland i 1931 har ofte vorte framstilt som at annekteringa eller okkupasjonen vart utført av ein overivrig gjeng fangstfolk med sterk nasjonalkjensle. Den kjende historikaren Jens Arup Seip meinte at ein gjeng ishavsimperialistar dreiv Noreg inn i internasjonale forviklingar på ein måte som «knapt noen av de statsmennene som virret omkring hadde ønsket», ifølgje Einar-Arne Drivenes.

«Etterpåklokskapens arroganse»

Drivenes meiner at Jens Arup Seip her er prega av det han kallar «etterpåklokskapens arroganse».

– Seip ser heilt bort frå den breie mobiliseringa i Noreg. Det var ikkje berre ein gjeng aksjonistar på den ytste høgresida i politikken. Dei aller fleste norske folkerettsekspertar på den tida meinte at Noreg hadde rett til å gå til okkupasjon. Og mange av historikarane på den tida meinte at historia var på norsk side. Dei historiske og nasjonale argumenta var avgjerande for den folkelegen mobiliseringa, seier professor Drivenes.

Også kong Haakon, som var fødd dansk, meinte at Noreg hadde ei god sak, og ifølgje Drivenes tok han tapet i Haag svært tungt.

– Dette var ikkje ein bisarr episode i norsk historie, styrt av ein gjeng aktivistar. Det er ingen grunn til å idiotforklare dei som stod bak, slår han fast overfor Nynorsk pressekontor.

Andre kjelder: «Norske pelsjegerspor på Nordøst-Grønland», artikkel av Yngve Schulstad Kristensen, snl.no.

Powered by Labrador CMS