nyhende

– Då har eg gjort alt eg kan gjera

Det siste kommunestyremøtet hadde mykje debatt mellom partia. Mest av alt var det mange meiningar om Fv. 47 og E39 og den (politiske) vegen vidare. Den gode stemninga tok brått slutt ved siste sak.

Publisert Sist oppdatert

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) var posisjonen sin kamputøvar då deira ynske for vegane Fv. 47 og E39 skulle forsvarast måndag kveld. Ho var i storform.

– Sjølv om Vegvesenet er allergisk mot tunnel, så treng ikkje me å vera det, sa Eriksen.

Vegval om vegar

Nokre minutt i forkant hadde Olav Østebø Olsen (SV) og Kjartan Moe Hustvedt (MDG) tala for ei anna tilnærming til ny E39 gjennom Sveio. Dei ynskte begge å avvisa planprogrammet og utbetra eksisterande E39 i staden. Olsen peika på at ny veg kan verta det største naturinngrepet i Sveio si historie.

– Det er eit historisk ansvar me har, sa han.

Hustvedt åtvara at viss Vegvesenet ikkje likar Sveio sitt planprogram, så kan dei anka til Samferdselsdepartementet.

– Me vert ein snarveg mellom Bergen og Stavanger. Eg vil i staden prioritera Sveio og sveibuen, sa han.

Varaordføraren kontra

Då kom varaordførar på talarstolen og kontra. Sveio treng ny E39 og den bør koma i tunell fleire stadar.

– Eg vil også prioritera Sveio og sveibuen. Me må vera tydeleg med kva Sveio ynsker, og ikkje venta til toget har gått, sa ho.

SV og MDG fekk støtte frå Tverrpolitisk Fellesliste (TvF), som la til at nordmenn får stadig færre born, og at berre innvandring held folketalet ved like.

– Me kjem ikkje til å ha millionar av nye nordmenn i framtida. Er det då så viktig med firefelts motorveg? spurde Asle Georg Halleraker (TvF).

Ynskte å snu prioriteringane

Den opphavelege innstillinga gjekk gjennom og planprogrammet til E39 vart vedteke, med eit tilleggspunkt frå varaordføraren. Det seier at «Statens Vegvesen skal vurdera tunnelar gjennom Førde og mellom området Hope og Bømlafjorden». Så var det tid for å diskutera rehabilitering eller nybygg i gamle kommunehuset. Her var Olav Østebø Olsen (SV) og Leif Tore Haukås (Frp) aktive og fremma begge sine forslag. Debatten enda i at Haukås sine forslag vann fram, og at rådmannen vil legga fram følgjande om kommunehuset til sommaren 2025:

  • Forskjell og mogelegheiter mellom rehabilitering av gamalt og å bygga nytt kommunehus.
  • Korleis eventuelt finansiera det heila og kostnadskalkyle.
  • At kontor for ein person skal prioriterast føre ope kontorlandskap.

Så var det tid for mogelege tiltak langs Fv. 47, vissdet er meir pengar att etter alle garanterte prosjekt er ferdige. Halleraker foreslo å snu på rekkefølgja til prioritert liste, og setja nordre kryss i Sveio øvst. Han viste til at Vestland fylkeskommune trur det er meir realistisk enn omregulering av ny kryssløysing på Ekrene/Rophus.

– Vegeigar (fylkeskommunen) får det ofte som dei vil, særleg når det kjem til finansiering, sa Halleraker.

I storform

Han oppmoda kommunestyret om å tenkja større og sjå nordre kryss i samanheng med framtida.

– Ei viktig investering i forhold til den øvrige utbygginga ved sentralidrettsanlegget og skulen, sa han.

Då kom varaordførar Eriksen på bana igjen med ei humoristisk påminning.

– Det er ikkje så ofte eg får skryt av representanten Halleraker, men eg har fått det ein gong, sa Eriksen, og viste til at det var ho som fekk omregulering av krysset på Ekrene/Rophus på lista til Haugalandspakken fleire år tilbake.

Ho understreka at dei var samde i viktigheita av nordre avkøyrsel frå Sveio sentrum, men argumenterte for at viss ein ynskte vidare vekst og husbygging i området må eit nytt kryss til.

– Ein treng ikkje å vera rakettforskar for å sjå det, avslutta ho.

Brannbil tidvis utan bremsar

Prioriteringa vart verande slik at kryss på Ekrene/Rophus står øvst, med 17 mot 8 røyster. Så gjekk møtet frå venleg usemje til ubehag. Då gjekk Sondre Natås Strand (KrF) på talarstolen med ei bøn. Hovudkøyretøyet til Førde Brannstasjon er gamal og må erstattast. Nytt køyretøy har vorte sete på pause sidan Sveio skal gå ut av samarbeidet Haugaland Brann og Redning (HBRE).

– Onsdag førre veke sprakk bremseslangen. Det er ikkje første gong, og har vore eit vedvarande problem. Me er avhengige av trykkluft for å ha bremsar og koma oss av stad, sa Strand frå talarstolen.

Lastebilar sine bremsar vil ikkje løysa seg utan lufttrykk. Difor kan hovudkøyretøyet til Førde brannstasjon risikera å stå bom fast når det brenn, noko Strand var frustrert over, også sidan han sjølv er mannskap ved brannstasjonen.

Nei med minst mogeleg fleirtal

Fleire andre manglar ved bilen vart også nemnd for kommunestyret. Strand oppmoda om å bestilla ny umiddelbart, sidan det kan ta opp til to år å få levert ein ny.

– Då har eg gjort det eg kan, var siste ord frå ein oppgjeven Strand før røystinga.

Motstandarar av å bestilla ny argumenterte med mellom anna at HBRE har ansvar for vedlikehald, og at køyretøyet bør utbetrast på verkstad. Forslaget fall med 12 mot 13 røyster, og siste kommunestyremøte før sumaren var over.

– Eg vil nytta høvet til å ynska dykk ein riktig fin sumar, avslutta ordførar André Mundal Haukås (H).

MERKNAD:
I første utgåve av artikkelen stod det om E39-saka at den opphavelege innstillinga gjekk gjennom. Det er riktig, men det vart også eit tilleggspunkt frå Ruth Grethe Østebø Eriksen (FrP) som vart røysta gjennom, om tunnelar langs traseen. Det er no lagt til.

Powered by Labrador CMS