nyhende
Civita foreslår å leggje ned fleire småflyplassar på Vestlandet
Ein rapport frå den liberale tankesmia Civita går inn for å leggje ned fleire kortbaneflyplassar for å spare pengar for staten. Både Sandane, Førde eller Florø, og Stord kan leggjast ned utan at passasjerane vil få uakseptabel lang reiseveg, heiter det.
Det er samfunnsøkonomen Haakon Riekeles som har skrive notatet om flyplassane på oppdrag frå Civita. Han er også lokalpolitikar for Venstre i Oslo. Senterpartiet reagerer sterkt på forslaget.
Riekeles peikar blant anna på at flyplasstrukturen i Noreg både er dyr og dårleg, og at kortbanenettet kostar staten milliardar av kroner utan å gi passasjerane eit betre tilbod. Ved å leggje ned åtte eller ni mindre flyplassar kan fellesskapet spare 750 millionar kroner, meiner han.
– Dersom ein brukar litt av pengane ein sparer på leggje ned flyplassar til å utbetre vegane i dei aktuelle områda, kan det vere med på å korte ned reisetida til ein annan flyplass for dei som misser nærflyplassen sin, seier Haakon Riekeles til Nynorsk pressekontor.
Under ein halvtime
I dag har to tredelar av innbyggjarane på Vestlandet og i Nord-Noreg ei reisetid på under ein halvtime til nærmaste flyplass. Han meiner at med den strukturen vi har i dag, så har mange av dei minste flyplassane eit dårleg rutetilbod. Ved å drifte færre flyplassar vil det bli mogleg for dei attverande å få eit betre rutetilbod, og notat-forfattaren ein meiner det kan vege opp ulempene ved at ein del passasjerar vil få lenger reiseveg.
Riekeles meiner ei nedlegging av flyplassen på Sandane ikkje vil gi vesentleg lengre reiseveg for passasjerane, sidan både Volda-Ørsta lufthamn i Møre og Romsdal og flyplassane i både Førde og Florø ligg i ein akseptabel avstand frå nærområdet til flyplassen.
– Det er også god grunn til å sjå på om det er naudsynt at både Florø og Førde har kvar sine flyplassar, sidan avstanden og reisetida mellom dei to Sunnfjord-byane bør vere akseptabel, seier han.
Han meiner det også er naudsynt å sjå på flyplassen på Stord. Her blir kvar passasjer subsidiert med ni millionar kroner berre ut frå driftskostnadene. I tillegg kjem subsidiering av ein del av rutene. Stord flyplass er eigd av Stord kommune (79 prosent) og Vestland fylkeskommune (21 prosent) og er ikkje ein del av Avinor.
Han minner om at til dels folketunge område på Austlandet og Sørlandet har ein reiseveg til nærmaste flyplass på ein til to timar, utan at det blir sett på som eit stort problem.
Bergen og Haugesund
– Eg meiner at både Bergen lufthamn Flesland (72 kilometer frå Stord) og Haugesund lufthamn (74 kilometer frå Stord) ligg innanfor ein akseptabel avstand for passasjerane som soknar til flyplassen på Stord. Og reisetida blir endå kortare dersom Hordfast-sambandet blir bygd, meiner han.
Riekeles meiner at flyplassen på Røros truleg er den minst lønnsame flyplassen i Trøndelag. Det er få passasjerar her og eit dårleg rutetilbod. Trass i at det er to og ein halv times reisetid frå Røros til Trondheim lufthamn Værnes, meiner han at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å leggje ned denne flyplassen.
På sikt bør også flyplassen i Namsos vurderast, sidan utbygginga av E6 vil gi vesentleg kortare reisetid mellom Namsos og Værnes.
Dei to nordlegaste fylka, Troms og Finnmark, meiner Riekeles har ein så spreidd busetnad og så dårleg vegstandard at det ikkje er aktuelt å leggje ned flyplassar.
Når det gjeld Nordland, så peikar han på at Lofoten og Vesterålen i dag har seks flyplassar, og at det er fullt mogleg å leggje ned ein eller to av dei.
– Ikkje måten å gjere det på
Stortingsrepresentant Erling Sande, som representerer Senterpartiet for Sogn og Fjordane, meiner forslaget frå Civita ikkje representerer noko nytt.
– Det er ikkje noko nytt at Civita, som er Høgre si tankesmie, når dei skal spare pengar, går laus på tenestetilbodet i distrikta. Vi er heilt samde i at vi skal prøve å drive staten meir effektivt, men det å byggje ned flytilbodet i distrikta er ikkje måten å gjere det på, seier Sande til NPK.
Han meiner at CIvita-notatet ber preg av å vere eit skrivebordsprodukt, og at det manglar kunnskap om Distrikts-Noreg. Vi kan subsidiere kortbaneflyplassane i 25 år for å kome opp i same sum som overskridingane på jernbaneprosjektet Follo-bana, meiner han.
– Heller ikkje jernbanetrafikken er lønsam. Det handlar ikkje om det, men om å ha eit tilbod til utkantar med eit svakt kollektivtilbod. Småflyplassane er viktige, både for at folk skal kome seg ut, men også at folk med viktig kompetanse kjem seg inn. Vi skal ikkje gløyme dei enorme verdiane distrikta skapar for resten av samfunnet, avsluttar Erling Sande.
43 Avinor-flyplassar
Avinor driftar i dag 43 offentlege flyplassar. Dei fire største, Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim, går samla med eit overskot på 2,5 milliardar kroner. Dei andre går samla sett med eit underskot på nær 1,4 milliardar kroner.
Rapporten Haakon Riekeles har lagt fram er ein del av ein serie notat frå Civita hausten 2025, der tankesmia legg fram idear for korleis ein kan redusere dei statlege utgiftene. Bakgrunnen for dette er at dei statlege utgiftene har auka kraftig over fleire år.
Desse notata frå Civita ser på kutt som skal gi ein meir effektiv ressursbruk i samfunnet samla sett.
Nynorsk pressekontor har bede Samferdselsdepartementet om ein kommentar til utspelet frå Civita, men dei har ikkje svart.