nyhende

Christian Vikse sørgde for at det også i år blir traktorkortesje i bygda. Arkivfoto: Tor André Johanessen
Christian Vikse sørgde for at det også i år blir traktorkortesje i bygda.

Christian arrangerer traktorkortesje på 17. mai

På nasjonaldagen blir det igjen traktorkortesje i Sveio, og i år er det Christian Vikse som står som arrangør for første gong.

Publisert Sist oppdatert

Traktorkortesjen har blitt ein fast tradisjon dei siste åra, og Vikse har sjølv vore med som deltakar tidlegare.

– Eg har køyrt i fleire år no, så då tenkte eg det var fint å kunne ta ansvar for å vidareføre det, seier han.

Tidlegare har Nikolai Våge og Oskar Misje hatt ansvaret for kortesjen, men i år har Vikse teke over stafettpinnen. På Facebook-arrangementet har fleire vist interesse for å delta, og Christian håpar at så mange som mogleg blir med.

– Det er berre å slenge seg på, så lenge ein har ein traktor, seier han.

Kortesjen startar ved Ekrene Næringspark, og er i år ein del av 17. mai-programmet i Sveio. Christian sjølv fortel at han vil stille med ein gammal Case-traktor.

For å sjå tidsplanen til kortesjen, sjå kalenderen vår her: Kalenderen

Traktoren som Vikse sjølv stiller med, er ein Case-traktor.
Powered by Labrador CMS