nyhende

Byr på mange aktivitetar

Søndag kan du vera med på kjekke aktivitetar både ved Bjellandselva og Vigdarvatnet, Rex Garden og Strando i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Første søndagen i september er det Kom deg ut-dagen over heile landet. I Sveio er det ikkje mindre enn to store arrangement du kan vera med på. Vêret ser også ut til å bli bra, så det er berre å koma seg ut!

Finn fram

I Førde kallar dei det Finn fram dag i Rex Garden med Sveio orienteringslag som hovudarrangør. Medarrangørar er Førde-speidarane, Lid 4H og Sveio turlag.

I Rex Garden er det Finn fram-løype med åtte postar innlagte o-oppgåver. I tillegg er det ei rekke aktivitetar som kajakkpadling luftegeværskyting og kåring av søndagens sterkaste med vassbøtter. For å nemna noko.

Tauløype og grilling

Vigdar grunneigarlag og Barnas Turlag Sveio inviterer til Friluftslivets dag ved Bjellandselvo. Etter ein fin tur langs elva, kjem du til den flotte gapahuken ved Vigdarvatnet. Du kan prøva deg på turquiz, tauløype og kanopadling. Og det blir både sløying av fisk og grilling.

Kjem du med bil og ikkje er sikker på kvar du skal parkera når du skal til Bjellandselva? Ta av Fv. 47 ved skiltet «Fuglereservat» og følg sykkelstien om lag 100 meter fram til grusa parkeringsplass.

Powered by Labrador CMS