nyhende

Det var mykje liv i båthamna under rootsen. Arkivfoto: Ragnhild Kristine Løkken/Grannar
Det var mykje liv i båthamna under rootsen.

Byr på gratiskonsertar og eige barneshow

I midten av juli går startskotet til årets Vikedal Roots Music Festival. På plakaten denne gong står noko for ein kvar smak, med kjente namn for store og små og konsertar både i båthamna, kyrkja og bedehuset.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

— Me slår på stortromma med store namn, seier festivalsjef Ronny Gjermundsen i Vikedal Roots Music Festival.

Festivalen opnar dørene 17. juli med ettermiddagskonsert i Vikedal kyrkje. Så går det slag i slag med konsertar frå morgon til kveld fram til midnatt laurdag kveld.

— Me aukar aktiviteten med to konsertar på Vikedal Kro, og me tilfører noko nytt i år og tek i bruk bedehuset. Her blir det konsert med Haugesund Folkshow Ensemble med felespelar Nils Økland, dansarar og songarar, seier han.

Dei yngste festivalgjestene kan gleda seg over eit eige barneshow. Fredag føremiddag inntek  barnefavoritten Paw Patrol festivalscena og skapar liv og røre for dei unge.

— Dette blir eit gratis arrangement med is til ungane og ansiktsmaling. Det blir gøy, seier festivalsjefen.

Det er ikkje berre dei unge kan gleda seg til gratis konsert denne fredagen.

— Det blir gratis konsertar heile fredagen på dagtid. Me har storbandet The Killkennys frå Irland og Taus frå Voss, seier han.

I tillegg står Frøkedal & Familien og Bergen Mandolinband på plakaten denne dagen.

Kjente namn

Blant dei mange kjente artistane som skal gjesta festivalen sommaren 2025 er Vamp, Vassendgutane og Hellbillies. På plakaten står også Pakkers, FYK, musikktrioen Beathoven, Karmøy-bandet Kling & De, popsangaren Hilde Skaar, partybandet Glory Days, bandet Darling West, countrystjerna Tobias Steen og bandet Odin.

— Me prøver å laga eit rikhaldig program for flest mogleg. Det er viktig å skapa liv i Vikedal og Vindafjord, seier Gjermundsen.

I fjor tok rundt 7000 personar turen innom festivalområdet og så langt i år har svært mange vist si interesse for festivalen.

— Førehandssalet går veldig bra i år. Me har selt mykje meir enn tidlegare og dobbelt så mykje som i fjor, seier han.

Dugnad

For å få festivalen til å gå rundt trengst det ein stor gjeng frivillige. Med mellom 150 til 200 vakter fordelt på dag-og kveldstid er det behov for mange dugnadsfolk, og to månader før opning er festivalleiaren ennå langt unna å nå målet.

— Me er avhengig av frivillige. Det er alltid ein kamp og me er ikkje i mål. Eg tippar at me treng rundt 100 vakter til. Enkelte tek fleire vakter og me har alt ei russegruppe som har meldt si interesse. Me har ein dugnadspott og me har invitert lag til å bli med. Dei vil få dugnadspengar. Og me har blitt kontakta av foreldre som har ungdom som er interessert, seier Gjermundsen.

Dei fleste som stiller til dugnad kjem frå Vikedal og distriktet, medan somme tek turen heilt frå Notodden for å oppleva festivalen og samstundes gjera ein innsats.

— Me har tilsett ein frivillig-koordinator som syt for at dugnadsfolket har det bra, seier festivalsjefen og håpar på godt vêr og god stemning når det brakar laus om eit par månader.

Powered by Labrador CMS