nyhende

Bygt for krig, populært turmål i fredstid

For snart 84 år sidan dukka dei første tyske soldatane opp på Tittelsnes, og arbeidet med det som skulle bli Tittelsnes fort tok til. Framleis er det spor etter den hektiske byggeaktiviteten der ute. Området er eit flott og ynda turmål heilt nord i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

«Våren 1940 kom dei første tyskarane og etablerte seg på Tittelsnes», skriv Martin Haugsgjerd i «Bygdefolket om okkupasjonstida», som er ein av to delar i boka «Tittelsnes 1940-45». Geir Birger Haug har skrive den andre delen «Tittelsnes batteri (HKB) 62/977».

Over 200 mann

Dei første seks flysoldatane som etablerte observasjonspost på Snørehaugen, like sør for Tittelsnes fort, fekk raskt selskap. På det meste skal det ha vore 200 mann på fortet.

Tittelsnesbuen blei beordra til å flytta frå heimane sine for å gjera plass til dei tyske soldatane. Det kunne vera så mange som 48 mann i eitt hus. Haugsgjerd skriv:

«Det såg fælt ut etter soldatane. Dei hadde gått inne med sko med hæljern på, og somme plasser hadde dei spikra køyer til veggane. Dei vaska ikkje golva på vanleg måte, men spylte ut skiten. Dette førte til vasskadar, då vatnet vart ståande og trekte seg gjennom golva.»

Haugsgjerd fortel også om korleis bedehuset den første tida fungerte som messe for tyskarane stasjonert på Tittelsnes.

Skaut med skarpt

Ikkje langt frå bedehuset blei det raskt sett opp fire kanonar. Då det skulle skytast med skarpt, blei folk bedne om å ha vindaugo opne for å minska faren for at lufttrykket skulle sprengja rutene. Martin Haugsgjerd skriv:

«Ein mann på garden som var inne i løa då det vart skote med næraste kanonen, var heilt dekka av støv og skit då han kom ut att.»

Forholdet mellom dei fastbuande og dei tyske okkupantane skulle betra seg då tyskarane flytta til festningen. Men det var lite populært at tyskarane bygde falske kanonar som blei ståande oppe i bygda mens dei ekte fekk plass i kamuflerte kanonbrønnar på fortet.

«Baustelle»

Lokale entreprenørar og arbeidsfolk blei hyra inn for å arbeida med Tittelsnes fort. Kanonstillingar, løpegraver, ammunisjons- og vernebunkerar kom først, før dei starta å bygga mannskapsbrakker i tre. Heile området bar nok preg av å vera ein byggeplass, og det var akkurat det dei tyske soldatane og dei fastbuande kalla fortet. «Baustelle» er tysk for nettopp «byggeplass». Stadige endringar gjer det vanskeleg å vita akkurat kva fortet til ei kvar tid inneheldt.

Ein som har brukt mykje tid på å leita etter dokumentasjon i statlege arkiv og innhenta informasjon om Tittelsnes fort, er Geir Birger Haug. Sivilt er han utdanna politi, og han har ei lang karriere i Heimevernet, både som områdesjef i Haugesund, avsnittssjef i Sunnhordaland HV-avsnitt og heilt fram til i år MP-sjef for Bergenshus Heimevernsdistrikt 09. Han gjentek i intervju det han kommenterte i innleiinga til sin del av boka, at det blir ein del gjetting.

– Det var jo fleire brakker før. Tittelsnes fort var kategorisert som støttepunkt og husa soldatar frå andre avdelingar, ikkje berre mannskap og befal til sjølve kanonane. På gamle mineplankart er det teikna inn infanteribrakker utanfor dagens hovudport.

Haug veit mykje og skriv utfyllande om nærforsvarsstillingar, kommandoplassar, kanonar og militært utstyr, men bilete av Tittelsnes fort frå krigstida er vanskelege å oppdriva.

Sjeldan vare

Dei tyske soldatane blei oppfordra av sine overordna til å senda bilete heim for å visa kor fint dei hadde det. Det er nokre av desse som i nyare tid har dukka opp i innboksen til Haug.

– Eg blei kjend med ein karmøybu som samlar på bilete frå krigen. Han kjøper dei på auksjon. Desse bileta skulle eg gjerne hatt då me arbeida med boka.

Geir Birger Haug kan fortelja at Tittelsnes var eitt av tre kystbatteri i Bømlafjorden, og han tipsar om kystbatteriet på Nesheim i Sveio, kor det framleis går an å sjå restar av demonterte kanonar. Det tredje låg i Leirvik, og saman skulle dei halda kontroll med ferdsla i Bømlafjorden.

Gjenbruk og sikring

Då krigen tok slutt, gjorde lokalbefolkninga seg nytte av materialane frå fleire av brakkene på fortet. Fleire hus i nærleiken og til og med ei hytte i Førde skal vera reist av tømmer frå Tittelsnes fort. Leiren stod til forfall før forsvaret tok over drifta.

– Då dei skulle setja i stand leiren, henta dei materialar frå ei tysk brakke på Osterøy, fortel Geir Birger Haug.

Han er sikker på at hadde det ikkje vore for heimevernet, så hadde nok ikkje Tittelsnes fort blitt bevart.

Det er ikkje berre brakkemengda som har endra seg sidan fortet si stordomstid. Løpegravene er delvis fylte igjen for ikkje å vera til fare for folk og fe. Og trea har vakse seg høge nok til å dekka delar av utsynet frå dei ulike bunkersane på anlegget.

Sommarfest på fortet

Det er likevel ikkje mangel på utsikt frå fortet og området rundt. Sjølve bunkersane er ryddige og løpegravene opne. Gustav Eidsvåg, nestleiar i Tittelsnes grendalag, seier at han brukar å sjå besøkande på fortet i helgene. Leiren blir av og til brukt av skulelevar, 4H og andre lag og organisasjonar. Eidsvåg minnest då området var stad for sommarfestar.

Fleire store norske artistar har nemleg også vore på fortet for ei tid tilbake. Hellbillies, Gluntan og Vestlandsfanden har alle trakka rundt på leirområdet. Sommaren 2007 spelte Vassendgutane til dans under Sommarfest på Tittelsnes fort med meir enn 1.750 publikummarar. Eidsvåg fortel det er sagt at musikken kunne høyrast heilt til Sagvåg.

Ut på tur

Det første som møter deg når du svingar inn i leirområdet på Tittelsnes, er ein stor open plass med gode parkeringsmoglegheiter. Leiar i Sveio Turlag, Arild Wiersen, kan fortelja at turlaget hadde ein tur frå Tittelsnes fort til Røysanes i fjor haust. På Røysanes kan ein sjå to gravrøyser som truleg stammar frå bronsealderen. Turen startar på traktorveg nord for leiren og er om lag to kilometer tur-retur. Sveio Orienteringslag har hengt ut tur-o-postar på strekninga som du kan finna frå laurdag 23. mars.

Bunkersane og løpegravene på fortet er spennande å utforska både for ungar og vaksne. Ha gjerne med ei lommelykt for å kaste lys i dei over 80 år gamle bunkersane. Turlagsleiaren har klare råd til dei som legg ut på tur med dei små.

– Mi erfaring med å gå på tur med barn eller barnebarn er å bruka god tid, stoppa ofte, ta fleire små pausar med litt godt i sekken. La ungane utforska naturen, klatra litt og undersøka spennande ting. Ikkje gå for lange turar.

Powered by Labrador CMS