nyhende
Bygdeopptog for grendaskulane
Det tuta muntert i horn, vaia i flagg og i bilane sat mange smilande bygdefolk i Valevåg i 17-tida søndag ettermiddag. Totalt skal dei køyra 60 kilometer, for å visa støtte for bygdaskulane.
| Har du bilde tatt i samband med kortesjavil dela med Vestavind? Send dei til red@vestavind-sveio.no – gjerne med ein kort tekst og eventuelt namn på avbilda personar. |
Nøyaktig eitt døgn før kommunestyret startar, var det langt over 100 køyretøy samla i Valevåg denne søndags ettermiddagen. Mange folk hadde møtt opp med plakatar med ulike bodskap – alle for å behalda skulane i Auklandshamn og Valestrand.
Det er venta at folk vil stå langs vegane for å sjå kortesja, dei er oppmoda om å laga eigne, små markeringar – innafor smittevernreglane.
Ferda går frå Valevåg til Auklandshamn (om Liereid), vidare til Bua, forbi Buavåg, Vandaskog og Vikse og til endes på Gullvegen ved Ekrene, og så til Sveio sentrum.