nyhende
Bygdefolk blei medisin for bybrite
På leiting etter seg sjølv og for å finne ro i livet enda briten Ben Ward på ein avsidesliggjande fjellgard på Vestlandet. Der fann han først berre kaos.
Ben Ward vaks opp i London, omgitt av mange menneske, med søsken og ei einsleg mor, men mangla ein farsfigur å sjå opp til og stole på.
– Difor enda eg opp med å leite etter dette i sjefar, kollegaer og vener. Gjennom mange erfaringar i livet prøvde og feila eg, og ærleg talt gav eg litt opp på folk. Eg søkte etter ei slags stadfesting av meg sjølv, eller rettferdiggjering, der andre kunne seie at eg var god nok. Men eg fann det aldri, fortel Ben Ward til Nynorsk pressekontor.
Vi møter han på den vesle garden Kroken, ein 40 minutts gåtur frå Urnes stavkyrkje. Mannen og garden blei rikskjendisar over natta i desember i fjor då NRK sende to episodar av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som fokuserte på livet på den avsidesliggjande fjellgarden. Sjåarane vart inviterte med på opp- og nedturane av livet ved fjorden hos ein brite med kjenslene på utsida.
– Eg visste ikkje kva formålet mitt var eller kven eg eigentleg var. Å kome til Noreg, spesielt til ein liten stad som dette, var ei moglegheit til å leggje alt bak meg og gå tilbake til røtene. Eg ville finne ut kven eg var og kva slags mann eg ville vere. Kva hadde livserfaringane mine eigentleg gjort meg til?
Ward hadde aldri sett seg ned og tenkt over det eller verkeleg blitt kjend med seg sjølv. På fjellgarden Kroken kunne han gjere det.
– Det var ei moglegheit til å gå innover i meg sjølv i staden for å leite utanfor etter stadfesting. Det var sjansen min til å bevise for meg sjølv at eg var god nok.
Åleinetid og indre kaos
Men å flytte til ein stad langt unna andre menneske, var ikkje berre idyllisk for ein som hadde levd heile livet i ein millionby.
– Det var ikkje fred i det heile tatt, det var kaos, seier Ben Ward og ler.
– Eg hadde aldri lytta før, så eg visste ikkje noko om kva som føregjekk i hovudet mitt, seier han og snurrar ein finger rundt i lufta.
Då den første vinteren sette inn, og Ward blei vegfast utan nokon å snakke med, byrja kaoset å auke. Han fortel at det var stemmer i hovudet hans som blei høgare og høgare med tida.
– Eg hadde aldri opplevd det før, og det var då eg vart litt galen. Ingen hadde lært meg korleis eg skulle handtere det.
Trass i at han søkte åleinetid og stille, blei redninga å gå ned i bygda og få kontakt med andre menneske igjen.
– Eg er heldig, for lokalbefolkninga her er så vennleg og imøtekommande. Det var faktisk mi flukt å dra ned til bygda. Når det vart for mykje her oppe, tenkte eg berre «OK, no må eg berre dra ned og sjå eit anna menneske». Sjølv om eg ikkje kunne språket, var det fint berre å sjå andre folk.
Søkjande ungdommar
Trass i at byguten frå London trengde å kome til naturen, er det fleire som gjer det motsette. Mange bygdeungdommar flyttar til byane, og dei fleste flyttar ikkje tilbake. Ben Ward kjenner seg igjen i kjensla av å søkje seg til noko større, men trur mykje av det er distraksjonar frå eit naturleg liv.
– Vi blir lærte frå ung alder at vi treng jobb, partnar, hus og tryggleik. Alt dette er ytre ting, og vi blir aldri lærte om kva som er på innsida – kven vi er som menneske. Så uansett kvar du er, uansett bakgrunn eller stad, vil du alltid leite til du finn ut kven du verkeleg er. Eg trur ikkje det spelar noko rolle kvar du er – du kan vere i ein by, på ein fjellgard, i ørkenen eller på havet. Med mindre du har sett deg ned og utforska ditt eige sinn, vil du alltid leite utover.
Han er uroa for at vi mistar mykje av sjølvstendet som menneske om for mange flyttar vekk frå naturen.
– Eg trur folk treng å bli meir sjølvstendige og ikkje gløyme at katastrofar kan skje. Veit du korleis du dyrkar grønsaker, tek vare på dyr, førebur deg til vinteren eller ordnar ved? Alt dette kan bli gløymt når alle flyttar til byane.
Sjølv var han 36 år gammal då han flytta til Kroken. Han hadde aldri felt eit tre eller hogd ved før.
– I byen er det mykje som skjer – restaurantar, barar – men eg trur alt dette berre er distraksjonar. Livet mitt i byen gjekk ut på å jobbe måndag til fredag, og så gjekk eg ut med venene mine og drakk for å gløyme jobben. Eg oppnådde ingenting, eg lærte ingenting nytt. Eg berre kom meg gjennom og levde for helga. Kva gav eg til verda då og korleis gjorde eg ho til ein betre stad? undrar Ward.
Medisinen
I NRK-serien fortalde han om ønsket om å møte nokon som ville flytte til garden hans og kanskje i framtida stifte familie. På kort tid blei engelskmannen nedringt av friarar og omtalt som ein av Noregs mest ettertrakta ungkarar. Han er framleis ungkar, fortel han eit halvt år etter serien gjekk på norsk fjernsyn, men seier at han ikkje har planar om å flytte vekk.
– Herregud, nei! Denne staden har nesten blitt ein del av meg no. Eg elskar dette landet, folket og levemåten.
Arbeidet held fram på garden. Ward har fleire planar, både faste og lause, og nokre delar av garden ser ut som ein byggjeplass.
Når Ward blir spurd om å trekkje fram kva han har blitt glad i med nordmenn og den norske levemåten, trekkjer han fram familiekjensla.
– Det er ikkje eit perfekt samfunn, men alle passar på kvarandre her. Om eg har problem, treng eg berre å gå ned til bygda og få augekontakt med ein av dei lokale, og med ein gong smiler vi begge. Det er som medisin.