nyhende

BIBLIOBATTLE: Sveio-laget viser fram diplom og pokal etter topplassering for eventyrtreet sitt i Minecraft-konkurransen Bibliobattles. Frå venstre: Henrik Rossebø, Maja Aronsen, Trygve Haugestøl og Kristian Stadfoss Olsen.

Bygde seg til fylkessiger

Ein firarbande frå Sveio stakk av med fylkessigeren­ i fjorårets Bibliobattles­. Nasjonalt enda dei på 3. plass.

Publisert Sist oppdatert

Bibliobattles er ein årleg konkurranse der oppgåva er å laga det beste byggverket i spelet Minecraft. Kvart år vel arrangørane eit tema for kva slag byggverk som skal byggast, og då sveiobuane fekk temaet eventyr, valde dei å gå for:

– Eit veldig stort tre, seier Maja Aronsen, før ho bryt ut i latter over kor enkelt det høyrest ut.

Henrik Rossebø forklarer at det ikkje er eit kva som helst tre det er snakk om.

– Me har henta litt inspirasjon frå Yggdrasil. Så det blir på ein måte livets tre, med ei eiga sjel.

Treet ser i utgangspunktet ut som eit heilt vanleg stort tre, men det er på innsida detaljane kjem fram.

Med «livets treet» vann Sveio-laget Bibliobattles i Vestland.

– Det er ganske gjengrodd og stort, men det er inne i treet det blir veldig magisk med ulike effektar. Mellom anna med ein lysande kjerne, forklarer dei.

Felles server – felles prosjekt

Påmeldinga fungerte ved at alle logga seg inn på ein server i spelet, og så var konkurransen i gang.

– Det var eg og Maja som fann opp ideen, og så rekrutterte me dei to andre til å hjelpa med bygginga, forklarer Henrik, og viser til kompisane Trygve Haugestøl og Kristian Stadfoss Olsen.

Konkurransen gjekk frå 10. til 14. november, der deltakarane fekk nokre timar på ettermiddagen kvar dag til å bygga.

– Me følte me hadde ganske god flyt og godt samarbeid i starten av konkurransen, men mot slutten blei det litt meir stress for å få på plass alle detaljane, fortel Maja.

Kristian legg til at treet ikkje stod ferdig før det berre var nokre få sekund att.

Til saman anslår dei at bygginga tok om lag 20 timar.

– Litt irriterande

– Fekk de nokre klagar heime på at de brukte mykje tid framfor skjermen?

– Nei, ikkje eigentleg. Det var mest skryt. Særleg då dei fekk vita resultatet, svarar Henrik, medan dei andre nikkar.

Då gjengen fekk vita at dei enda på topp i Vestland og som nummer tre i Noreg, var det likevel konkurranseinstinktet som meldte seg.

– Det var litt irriterande. Personleg synest eg at førsteplassen sitt byggverk ikkje var så mykje betre enn vårt. Vi laga vårt heilt frå botnen, medan deira bygg finn du mykje liknande av på Google, seier Kristian.

Premien for topplasseringa i Minecraft-konkurransen Bibliobattles var kvart sitt diplom, som dei fekk utdelt på Sveio folkebibliotek torsdag 29. januar.

Har tatt ein pause

Trass i topplasseringa verkar det ikkje som det blir mykje meir Minecraft på gjengen framover.

– Eg spelte det litt meir før. Ikkje så mykje no lenger, seier Maja.

– Eg har nesten ikkje spelt sidan konkurransen, legg Trygve til.

– Det er eit ganske gøy spel når det er sosialt, men å spele åleine blir litt kjedeleg, seier Henrik, medan resten av fylkesvinnarane nikkar samtykkjande.

Powered by Labrador CMS