nyhende
Bygde-Noreg leitar etter fornuftige måtar å legge til rette for bildeling
Mange kommunar og fylkeskommunar jobbar med tilrettelegging for bildeling. Bildelingsordningane som fungerer i byane er ikkje nødvendigvis veleigna for distriktskommunar fordi marknaden er mindre og avstandane større.
Bildeling eller bilkollektiv er ordningar der ein eig, disponerer og/eller driftar éin eller fleire bilar i fellesskap med andre og på den måten unngår ansvaret for sjølv å eige bil og kan utnytte bilen meir effektivt.
Tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at bildeling både er bra for miljøet og for lommeboka til folk. I tillegg viser det seg at folk brukar fleire alternative framkomstmiddel, som kollektivtransport og sykkel, når dei ikkje eig bil sjølve.
– I snitt blir ein privatbil berre brukt to prosent av døgnet. Den resterande tida står han ubrukt. Utrekningar viser at ein i snitt kan kvitte seg med ti til femten privatbilar per delingsbil, sa prosjektleiar Lars Petter Klem i seksjon for berekraftig mobilitet i plan- og utviklingsavdelinga i Bymiljøetaten i Bergen kommune under eit webinar i regi av Miljødirektoratet tysdag.
Distriktsutfordringar
Også Viken fylkeskommune har jobba med bildeling. Ein del av utfordringa der er at mange av kommunane ligg eit langt stykke utanfor dei store byane.
– Det er spesielt vanskeleg å få tilbydarar til å etablere seg i dei mindre kommunane fordi marknaden er mindre og det vil bli færre brukarar av bildelingstenestene, sa prosjektleiar Sarah Figenschou i Viken fylkeskommune under webinaret.
Ho peika på at det nødvendigvis ikkje er eit nederlag om få privatpersonar i distrikta kvittar seg med eigen bil for å gå over til bildeling.
– Gjennom alternative modellar der til dømes kommunetilsette brukar bilane i jobbsamanheng på dagtid og private hushald får tilgang til desse bilane utanfor kommunal arbeidstid vil dette vere positivt uansett, sa ho.
Økonomisk sikring
Sidan det kan vere vanskeleg å få tilbydarar til å ville etablere seg i små kommunar må kanskje kommunane vere meir involverte i drifta der enn i større kommunar.
– Med bildeling er det avgjerande å ha nokon som kan drive vedlikehald av bilar. Rurale kommunar må førebu seg på å ha ansvar for dagleg drift og vedlikehald av delingsbilar, sa Figenschou.
Eit anna alternativ er at tilbydarane får ei viss økonomisk sikring ved å etablere seg i ein mindre kommune.
– I Belgia har ein til dømes modellar der mindre kommunar gir ein garantisum til tilbydarane dersom bilane ikkje blir brukt nok på den private marknaden, fortalde Lars Petter Klem.
Tre hovudfunn
Forskar Elisabeth Svennevik ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo har doktorgrad i delemobilitet. Under webinaret trekte ho fram tre hovudfunn frå avhandlinga si: At bildeling blir gjort ulikt, at bildeling er meir enn delingsøkonomi og bilkollektiv, og at bildeling inngår i eit større mobilitetssystem.
– Folk er med i bildelingsfellesskap av ulike grunnar. Ein fordel med å vere del av eit slikt fellesskap er at ein kan velje bil som passar det formålet ein skal bruke han til. Om ein eig eigen bil må ein ha ein bil til alle formål – det vil seie at bilen må vere meir fleksibel, sa ho.
I det andre hovudfunnet trekte ho fram at gjennom bildeling går bilen frå å vere ein ting du eig til å bli ei teneste du leiger.
– Det betyr at spelereglane endrar seg. Det er heilt andre ting å ta omsyn til når ein leiger ein bil for ein kort periode enn når ein eig ein bil på heiltid.
I det tredje hovudfunnet sette ho bildeling inn i ein større kontekst.
– Bildeling er ikkje eit mål i seg sjølv, men får ein opp talet på personar som driv med bildeling reduserer ein samstundes bilbruken. Noko som er bra i eit miljøperspektiv, sa ho.