nyhende

Harry Lie og Laila Vikse Lie kjem med ein real gladnyheit til bygda si rett før jul.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Harry Lie og Laila Vikse Lie kjem med ein real gladnyheit til bygda si rett før jul.

Butikkane får statleg støtte: — Då kan eg kanskje senka skuldrane.

Regjeringa og SV er einige om utvida straumstøtte til nærbutikkane. No set dei av 23 millionar kroner ekstra som skal fordelast på 580 nærbutikkar.

Publisert Sist oppdatert

— Det er jo gledelig det, då kan eg kanskje senka skuldrane, seier Laila Vikse Lie.

Som eigar av nærbutikken i Valevåg, saman med mannen Harry, har ho merka behovet for stønad til nærbutikkane.

— Kvar månad sidan januar har eg tenkt «no kjem det, no gjer dei noko». Det har tært på søvnen, seier Lie.

Ho har ikkje fått satt seg inn i ordninga enno, så ho er litt avventande med å feire.

— Det er jo bra viss at det blir sånt. Eg er på vei inn te byen så eg har ikkje fått sete meg inn i det, seier ho.

Dei var ein av om lag 70 nærbutikkar som sendte inn eit opprop til regjeringa, om at dei trong hjelp og var truga av nedlegging.

— Har dykkar endeleg blitt høyrt?

— Ja, då har me kanskje endelig blitt høyrt. Men kven som har høyrt oss veit me ikkje heilt, seier Lie.

Åse Marie Økland som driv nærbutikken i Auklandshamn synast også det verkar som gode nyheitar.

— Det høyrest veldig bra ut, sjølv om eg ikkje har fått sett meg inn i det, seier Økland.

— Bra at me blir sett og huska også, det er aldeles viktig det me gjer uti distrikta, seier ho.

Powered by Labrador CMS