nyhende

Bustadprisane har gått ned med 1 prosent nasjonalt. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Bustadprisane har gått ned med 1 prosent nasjonalt.

Bustadprisane fall med 1 prosent i juli – sterk vekst på Vestlandet

Bustadprisane fall med 1 prosent i juli, viser nye tal frå Eiendom Norge. På Vestlandet skyt prisane derimot til vêrs.

Publisert Sist oppdatert

Korrigert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,2 prosent, skriv Eiendom Norge i ei pressemelding.

– Særleg heitt var det i bustadmarknaden i Bergen, Tønsberg og Ålesund i juli. I fleire område på Austlandet derimot var bustadprisutviklinga moderat i juli, spesielt i Drammen og Oslo, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Sterkast sesongkorrigert prisutvikling i juli hadde Bergen med ein sesongjustert oppgang på 1,7 prosent. I andre enden av skalaen finn ein Fredrikstad/Sarpsborg, der det har vore ein nedgang på 1 prosent.

Prisane mest opp på Vestlandet

Det vart selt 5653 bustader i landet i juli, noko som er 10,1 prosent fleire enn i same månad i 2024. I gjennomsnitt tok det 63 dagar å selje ein bustad i juli, opp frå 39 dagar i juni.

I løpet av året har bustadprisane auka mest i Stavanger og omland, der dei har gått opp 11,5 prosent. I Bergen er tilsvarande tal 9 prosent.

I Drammen og omland og Oslo har det vore ei relativ svak utvikling med ein oppgang på 2,7 prosent og 2,9 prosent.

– Forskjellane i bustadprisutviklinga vi har sett dei siste månadene heldt fram i juli, og Stavanger og Oslo skil seg ut på kvar sin kant. I Oslo må prisutviklinga seiast å vere overraskande svak, og prognosen vår på ein oppgang her på 12 prosent i 2025 vil neppe slå til, avsluttar Lauridsen.

Spår vidare ulikskapar

Sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 Sør-Noreg trur dei regionale forskjellane i verdistigning berre vil halde fram utover året.

– Sidan det framleis er stor forskjell i talet på bustader for sal vil dei regionale forskjellane truleg halde fram, seier han i ein kommentar til NTB.

Dei siste tala frå Eiendom Norge får truleg ingen innverknad på rentebanen, meiner han.

– Bustadprisane er på linje med Noregs Banks prognosar og påverkar derfor ikkje renteutsiktene.

Powered by Labrador CMS