nyhende
Bustadhuset i Mølstrevåg er sett i brann
Bustadhuset tilhøyrande ein del av gamle Mølstrevåg handelsstad blei sett i brann litt tidlegare enn planlagt. Del av huset er tømmer, og det vil ta tid før huset er brent ned.
Det er Haugaland brann og redning iks som nyttar nedbrenninga av huset til øving.
– Det er mannskap frå Sveio stasjon som øver denne gongen, og nokre røydykkarar frå Førde stasjon, seier Ivar Eide. Han er brigadeleiar og ansvarleg for øvinga.
Tilrettelegginga byrja tidlegare i dag, og det var varsla at bygge skulle settast i brann klokka 15.00. Då Vestavind snakka med Eide like etter klokka 14.30, var øvinga i gang litt tidlegare enn planlagt.
Varsla i god tid
– Naboane i området er varsla i god tid om at dei må stenga vinduer, dører og ventilasjonsanlegg, seier Eide.
– Huset er etter det Vestavind kjenner til eit tømmerhus. Korleis vil det påverka nedbrenninga?
– Det stemmer at i alle fall deler av det er tømmer, men kor mykje veit me ikkje heilt. Tømmer tar lengre tid å brenna, og det betyr at øvinga kan ta tid, seier Eide.
Sterke kjensler
Det vekte sterke kjensler då første bygget i det som i si tid var Mølstrevåg handdelsstad blei brent ned i februar. Tomta og bygga er kjøpt av Ølen Betong, og området skal brukast til utviding av Ølen Betong sitt produksjonsanlegg for betongelement.