nyhende

Bustadhus totalskadd i brann i natt

Poltitiet fekk melding om brannen klokka 01.15 måndag. Då var det full overtenning i 2. etasje i bustadhuset i Valebygda. Bebuaren blei vekt av brannalarmen og kom seg ut.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: 12.15 opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt at ikkje er avklara når det eventuelt blir kriminaltekniske undersøkingar på branntomta.

– Det er sett opp sperreband rundt branntomta både for å sikra den i høve til tekniske bevis og av HMS-omsyn. Det er ikkje trygt å bevega seg ved eller i det totalskadde huset. Sak er oppretta, og vidare etterforsking blir gjort av Haugesund politistasjon, seier Fenne-Jensen.

Blussa opp igjen

Måndag morgon blussa det litt opp igjen i branntomta. Det var framleis brannmannskap på staden som tok seg av ettersløkking.

Dei 15-20 mannskapene frå Førde og Sveio brannstasjonar som jobba med brannen i natt, hadde fleire utfordringar.

Utfordringar

– Vinden gjorde det litt ekstra utfordrande, men det var god avstand til næraste hus slik at det ikkje var spreiingsfare. Og så var det litt utfordringar med vassforsyning. Brannen var komen så langt då me kom at det ikkje var mogeleg å gjera anna enn å sløkka den raskast mogeleg, seier utrykkingsleiar Bjarne Hetlesæter til Vestavind.

I første melding frå operasjonsleiar Helene Strand i Sør-Vest politidistrikt opplyste ho også at det var mykje røyk, men førebels ikkje meldt om spreiingsfare. Bebuaren hadde fått i seg ein del røyk og blei tilsett av helsepersonell.

Full overtenning i heile huset

Kort tid etter blei det meldt om at det var full overtenning i heile huset. Bebuarane i nabohuset blei vekt og måtte sitta klare til å evakuert om det blei behov for det.

Klokka 02.35 brann det framleis godt, men då hadde brannmannskap frå Førde og Sveio brannstasjonar kontroll på brannen. Den blei meldt sløkt klokka 04.06.

– Brannen er sløkt, men brannmannskapa blir på staden framover og driv med ettersløkking. Huset er totalskadd. Huseigar er avhøyrt og politiet køyrer no frå staden, melder Strand.

Ukjent brannårsak

Klokka 06.20 melder ho at bebuaren i huset som brann, er ikke å rekna som skadd. Han fann seg anna ly for natta. Det blei heller ikkje nødvendig å evakuera naboane.

– Brannårsaka er uviss. Åstaden må vurderast på dagtid, om det er trygt for kriminalteknikarar å ta seg inn, eller om det som er igjen av huset må rivast før undersøkingar kan starta, seier Strand.

Har du bilder eller tips om brannen? Send til tips@vestavind-sveio.no

Powered by Labrador CMS