nyhende
Busstreika avslutta i dag
Reknar med å vera i vanlege ruter igjen i morgon.
Torsdag 1. oktober kl. 07.00 kom partane fram til eit anbefalt forslag. Dei første bussane vil vera i gong frå klokka 12, men befolkninga må rekna med at det drifta vil vera forstyrra ut over heile dagen, skriv Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding.
Uforutseieleg i dag
I rute frå fredag
Kystbussen reknar med at innstilte ruter og avgangar vil vera i rute i løpet av dagen og morgondagen. Det vil ta nokre timar å koma i gong med rutene som er innstilt, og oppdatera avgangane i ruteplanleggjaren. Frå fredag vil det meste gå som normalt, opplyser selskapet på nettstaden sin.
Høgare lønn
Bakgrunnen for streika er først og fremst lønnskrav.
– Me har meir enn dobla det opphavlege tilbodet frå arbeidsgivar. Det blir gitt generelle tillegg på til saman kroner 5,50, samt ei krone som fagbrevtillegg i 2020, uttalar forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Jim Klungnes.