nyhende

Busskuret som vart så mykje meir

Då barna til Signy Therese Hegdal byrja å ta buss til skulen vart det naudsynt med eit busskur å søka ly frå vêr og mørket. Sidan har det vore eit kreativt utløp til glede for forbipasserande.

Publisert Sist oppdatert

– Busstoppet dei eigentleg skulle ha nytta ligg eit stykke forbi oppkøyrselen, og det er farleg å gå langs vegen, seier Signy Therese Hegdal.

Hennar to gutar byrja å ta buss til skulen i fjor, men det var eit par ting som ikkje var heilt på stell. Dei måtte gå langs bilvegen til haldeplassen, og noko særleg skjul var det ikkje der. Heldigvis er far i huset ein «handyman».

– Han har bygd det sjølv, seier Hegdal.

Både om sommar og vinter

Når dei først var i gang med å utbetra kvardagen til gutane sine, så kom dei fort på å introdusera litt lys i skuret. Og så kom høgtida Allehelgensaftan, også kjend som «Halloween». Då såg ho ei mogelegheit for eit kreativt utløp.

– Eg tenkjer at viss folk trekk på smilebandet når dei køyrer forbi så er det ei bra ting, seier ho.

No er skuret godt utrusta. Mannen har lagt inn batteri kopla til fleire typar ljos, og ein sensor som skrur på ljosa når det er nokon i nærleiken. På Vestlandet kan vera vanskeleg å vita om det er vinter, vår eller haust ved å sjå utandørs, difor fungerer også busskuret litt som ein kalender.

– Kva årstider markerer de?

– Halloween er me mogelegvis mest synlege, og sjølvsagt jul. Eg har vore innom litt ekstra blomar til sommaren. Då er det sjølvdyrka av meg og svigermor, svarar Hegdal.

Når Vestavind er på besøk før jul er det koseleg julestemning i skuret. Fargane pulserer og byter om kvarandre, med julepynt, tente lykter og eit lite juletre utanfor.

«Jordbærhuset»

Når tida er inne for barnetog og feiring av grunnloven, kjem det opp nokre flagg og litt meir. Nokre få ting vert verande i skuret uansett høgtid og årstid.

– Ljoset i skuret og hjartet som heng på veggen er alltid der, seier ho.

Hegdal er opphaveleg frå Sokndal sør for Egersund. Ho budde i Oslo tidlegare då ho ein dag møtte ein sauebonde frå Sveio. Då var det gjort, og sidan 2010 har dei budd i noverande hus.

– Dei bruka å selja jordbær her, så folk har kalla det for «jordbærhuset», seier ho.

No kan ho senda sine to gutar trygt til skulen, vel vitande at dei står godt i busskuret. Og på dei 70 metra bort dit får dei ein tryggande eskorte.

– Den eine katten vår, Sangha, følgjer dei bort til skuret, humrar ho.

Powered by Labrador CMS