nyhende
Buset alle flyktningane innan nyttår
Sveio er på god veg til å nå målet om å busetja 35 flyktningar i løpet av 2023.
Sindre Vikanes ved NAV i Sveio er ein av dei som jobbar med å busetja flyktningar i Sveio. Særleg sidan den russiske invasjonen av Ukraina har kommunen vore bedt om å ta i mot fleire flyktningar.
I 2023 vart Sveio først oppmoda om å ta i mot 30 personar, og litt seinare 5 personar til. Det vart røysta gjennom politisk av kommunestyre, og Vikanes har jobba med busetjing i den tida.
– No har me busett 29 flyktningar, av totalt 35 som me skal ta i mot i løpet av året, seier Vikanes.
– Når kjem dei siste seks?
– Dei skal me ta i mot i løpet av desember månad, svarar han.
Ifølgje Vikanes kjem flyktningane frå fleire stadar, men i hovudsak Ukraina. Formannskapet vedtok måndag 27. november å ta i mot 35 nye flyktningar frå Ukraina i 2024. Samstundes ba dei også om det er mogeleg å utvida området flyktningar vert busett på i kommunen. Saka skal røystast over på kommunestyret måndag den 11. desember