nyhende
Bur i New York, restaurerer hus på Tittelsnes
Han vaks opp på fastlands-Karmøy, ho i New Jersey nær New York. Dei møttest på internett og gifta seg i 2018. Året etterpå kjøpte dei småbruk på Tittelsnes. No er dei i full gang med å restaurera ei lemstove frå 1700-talet.
— Det er eit tiårsprosjekt, men me er ikkje heilt sikre på når tiåret starta eller når det vil slutta, ler Eirik Storesund (34) og Janelle Storesund (30).
Sjølv om paret bur i New York, har begge fleksible jobbar som gjer at dei i periodar kan bu og arbeida på Tittelsnes også. Eirik er norrønfilolog, men arbeider med omsetjing frå engelsk til norsk. For det meste handlar det om program og spel. Janelle er programmerar. Ho arbeider med å utvikla appar for iPhone.
— Me har som mål å vera her eit par gonger i året for å følgja opp restaureringsarbeidet, fortel dei.
Vestavind møtte ekteparet på Øyro gard, som eigedommen deira heiter, kort tid før dei drog tilbake til USA i slutten av august.
Interesserte i det gamle
— Då me fann kvarandre, måtte ein av oss flytta. Det blei meg, men heilt frå starten var planen at me skulle flytta til Norge og finna ein plass der me kunne slå rot, fortel Eirik.
Begge er interesserte i gamle hus, gammal arkitektur og gamle ting. Derfor starta dei med å følgja med på finn.no for å finna draumestaden av eit restaureringsobjekt. Slik kom dei over småbruket på Tittelsnes. At Eirik sine foreldre også har flytta til Tittelsnes og bur på Ålfjorden Brygge, er ikkje noko minus i den samanhengen.
— Far min er vaktmeisteren vår når me ikkje er her, fortel Eirik.
Janelle er særskilt opptatt av gamle tekstilar og handverk knytte til framstilling av desse.
— Då me møttest, budde ho på Manhattan i New York. I husværet sitt der hadde ho både vevstol og rokk. Kanskje ikkje det ein tenkjer seg mitt i storbyen, seier Eirik.
Janelle har slektsrøter til sentral-Europa, men ikkje til Norge. Likevel fortel ho at ho er begeistra for norsk tekstilhandverk. Ein av skattane som følgde med huset ved Bjørgavegen er eit gammalt åkle på veggen, kanskje vove på staden. I alle fall har dei funne restar av ein gammel vev på loftet. Sjølv har Janelle allereie sikra seg ein brukt vevstol, kjøpt i Skudeneshavn via finn.no den også.
Det var i 2019 ekteparet overtok eigedommen på Tittelsnes.
— Førsteinntrykket for mange ville nok vore at «oj, her er det mykje å gjera!» For meg var det berre perfekt. Me drøymer om å restaurera huset tilbake til det originale så langt dette er mogleg, seier Jeanelle.
Lemstove
Restaureringsobjektet er altså ei såkalla lemstove, eit tradisjonelt vestlandshus med skut i begge endar. Den eldste delen av huset blei opphavleg bygd på Stord i 1784. Rundt 1830 blei det flytta til Tittelsnes. Dei siste åra før Eirik og Janelle overtok, hadde huset tent som fritidsbustad og vore lite i bruk.
Med på kjøpet fekk dei ein del møblar og anna interiør, også bilde på veggene og fleire bildealbumar som har hjelpt dei å få litt kjennskap til familien som har budd her før gjennom fleire generasjonar. Dei har også vore i kontakt med slektningar av dei tidlegare eigarane som har supplert med interessante opplysningar. Noko av det som har gjort inntrykk på dei nye eigarane, er å få vita at det vesle huset i si tid romma tre generasjonar med eigen kårbustad i den nordre enden.
Offentleg støtte
Det unge ekteparet har valt å starta restaureringsarbeidet utvendig. Og dei har valt å dela arbeidet opp i fleire mindre prosjekt.
— Og det er kostbart. Utan støtte frå Kulturminnefondet og kulturmidlar frå Vestland fylkeskommune hadde ikkje dette vore mogleg for oss, seier Eirik.
Samarbeidet med det offentlege har også sett dei i kontakt med fleire fagfolk som er til stor hjelp.
— Søknadene om fylkeskommunale restaureringsmidlar går gjennom kommunen. Kravet er at arbeidet blir utført som såkalla antikvarisk restaurering, forklarar kulturkonsulent Ellen Urheim Tveit i Sveio kommune.
Ho legg til at huset er kommunalt verna, men ikkje freda. Riksantikvaren er ikkje involvert i restaureringsarbeidet.
Tveit har følgt prosessen frå starten av og er svært begeistra for prosjektet. Både fordi så mange originale bygningsdetaljar er intakte både ute og inne, og fordi det unge ekteparet har «gjort alt rett,» som ho seier.
— Blant anna ved at dei deler arbeidet opp i mindre prosjekt, skiftar ut minst mogleg og kopierer nøyaktig det som må bytast. Ved å dela arbeidet opp i fleire prosjekt, får dei også ut meir støtte frå det offentlege, seier Tveit.
Bygningskonsulent Bjørn Arve Lunde ved Sunnhordland Museum har også vore ein viktig rågjevar for Eirik og Janelle Storesund. Sjølve restaureringsarbeidet blir utført av byggmeister Arne Nilsen frå Haugesund. Han har lang erfaring i antikvarisk restaurering, blant anna for musea både Haugalandet og Stord.
Brakepluggar
Ein av dei interssante bygningsdetaljane som Tveit nemner, er bruken av brakepluggar i staden for spiker i konstruksjonen. Mellom anna er bordkledninga festa på denne måten.
— Dette var ein vanleg byggemetode fram tilbyrjinga av 1800-talet. Mot midten av hundreåret tok smidde jernspiker over. Det er sjeldan dei er bevarte. Eg har ikkje vore borti mange restaureringsprosjekt med trepluggar, seier byggmeister Arne Nilsen.
På eigedommen på Tittelsnes veks det mykje brake, og Nilsen har dermed god tilgang til materialar når nye pluggar skal lagast. Dei ekstra breie bordkledningsborda må han derimot bestilla etter mål. Nye vindauge må også lagast etter mål, slik han alt har gjort på nordveggen. Restaurering av nordveggen og nordre skuten har vore eitt av delprosjekta så langt, eit anna har vore nye kjellardører. Nå står vestveggen for tur, også her med ei ny dør.
Fleire draumar
Eit bilde frå tidleg 1900-tal viser at huset den gongen hadde ei murt trapp og ei inngangsdør midt på den austre langveggen. Den vil gjerne ekteparet Storesund ha tilbake. Eit av dei store prosjekta, som dei håpar å få gjennomført i 2024, er nytt tak og ny pipe. I dag har huset eit gammalt eternittak. Målet er å få tilbake det originale steinhelletaket. Det krev truleg nye sperrer, seier Nilsen.
Sjølve laftekassen er stort sett i god stand. Eirik og Janelle vil ta vare på dei ubehandla tømmerveggene og fleire gamle dører. Ein uvanleg detalj som byggmeister Nilsen berre har sett eitt eksempel på før, er den bogeforma himlinga på eitt av loftsromma. Den skal sjølvsagt også takast vare på.
— På nokre område må me kompromissa, mellom anna av omsyn til komfort, seier Eirik.
Det gjeld mellom anna kjøkken og bad. Målet er å bu fast i huset ein gong, sjølv om tanken på eit nytt bustadhus på eigedommen ein gong i framtida også er eit alternativ. Før dei kjem så langt ønskjer Eirik også å byggja opp igjen eit gammalt eldhus der berre muren står igjen i dag. Og kanskje treng dei også ei løe.
— Janelle vil gjerne ha sauer. Eg vil gjerne eta sauekjøtet, ler Eirik.
Dei blir visst ikkje arbeidslause på lenge.