nyhende

FAU ved Auklandshamn skule om framtidig skulestruktur:

Frå skeisedag på Auklandshamn skule. Arenaen ligg like bak skulen.
Frå skeisedag på Auklandshamn skule. Arenaen ligg like bak skulen.

Bur i ei bygd med god tilflytting – og mange tomter på gang

Behalda skulen som i dag, eller flytta alle elevane til Førde eller Sveio skule? FAU ved Auklandshamn skule ser ikkje nokon grunn for å leggja ned skulen.

Publisert Sist oppdatert

Skulestruktur er ei sak som kjem opp nå og då, og skulen i Auklandshamn har vore under lupa før. No når den nye rapporten kom i desember, kom det heller brått på innbyggjarane, som ikkje hadde i tankane at dei måtte forsvara skulen sin alt no igjen.

Ein av høyringspartane er FAU  ved Auklandshamn skule. Dei er glade for at den første av dei tre tilrådingane frå dei som har laga rapporten går ut på å behalda skulen som i dag, men at dei to neste alternativa vil flytta alle elevane vekk frå skulen, kan ikkje stå uimotsagt.

Vekst i bygdene

Me tar ein prat med delar av FAU på Teams, for å høyra kva deira tankar er.

Foreldregruppa merka seg at politikarane har vedteke at dei ønskjer å leggje til rette for vekst i bygdene, stimulera til bustadbygging og sikra gode lokalsamfunn.

Grendasenter

– Me mener at dette ikkje samsvarar med tanken på å leggja ned nærskulane. Auklandshamn blir òg skildra som eit grendasenter i Regional plan for transport på Haugalandet, poengterer Marryel H. Velde i høyringssvaret.

FAU ved Auklandshamn skule har laga eit opprop på nett for å behalda Auklandshamn som den er i dag, det er også mogleg å signera i butikken. Rundt 300 signaturar har kome inn.F.v. Åse Marie Økland, Nancy B. Helgesen, Anne

FAU-gruppa ser heller at det blir investert i skulen, enn at den blir lagt ned. Eit viktig argument for å behalda skulen, som per i dag har 48 elevar, er tilflytting, sjølv om prognosane til Telemarksforskning, som har utarbeida rapporten, seier noko anna.

Tilflytting og tomter

Ei opprekning viser at 40 prosent av elevane som går på Auklandshamn i dag, kom til bygda etter at dei var fødde.

– Mange familiar med små ungar kjem til bygda. Mange ville ikkje valt Auklandshamn viss ikkje det hadde vore for den lokale skulen, seier Nancy B. Helgesen.

Barndomsheimen hennar skulle eigentleg vera fritidsbustad, men så kom heile flyttelasset frå Tysvær til Auklandshamn etter første sommaren på hytta for snart 15 år sidan.

– Fleire historier er tilsvarande, med folk som har tatt bevisste valg om å leva landleg og ønskjer at ungane skal gå på skulen i eit lite nærmiljø, seier Helgesen, som ønskjer at politikarane ser verdien av å ha flotte og levande bygder, og held på skulestrukturen slik den er i dag.

– Me hadde forstått det om skulen ikkje var up to date, men skulen er godt holdt og velfungerande, seier Marryel H. Velde.

Tomter i emning

Foreldregruppa kjenner til at det er over fleire tomter på gang tre stader i bygda.

Åse Marie Økland har sin arbeidsplass i bygda, på butikken hennar blir skulesaka diskutert.

– Folk snakkar om det heile tida. Det har vore så mykje tilflytting, mange med barn, og unge i etableringsfasen, seier Økland. FAU reknar med at prognosane vil endra seg på grunn av tilflytting og husbygging.

Utvida skulekrinsen?

– Legg ein ned skulane, døyr resten av bygda, og ungane må sitja enda meir i bil. Då blir det meir trafikk på dårlege veger, seier Anne Grethe Rossehaug.

Foreldrerepresentantane fryktar også at ei skulenedleggjing kan gå utover tilbod og arbeidsplassar – då med tanke på grunnlaget for både butikken og barnehagen på Bua.

I høyringssvaret kjem det fram at dei fleste opplever det som feil veg dersom ungane skal flyttast til Førde, sjølv om dette er kortast veg for mange. Når det gjeld Sveio er det nemnt at miljøet er for stort miljø, og har for lang reiseveg.

– Eit alternativ kan vera å utvida skulekrinsen, og inkludera Tjernagel og Lokna, dette vil auka elevgrunnlaget framover, blir det foreslått.

Powered by Labrador CMS