Kommentar til budsjett og budsjettprosessen
Sveio Ap, Sveio FrP og dei uavhengige er oppteken av å yte gode tenester til innbyggarane, og vårt budsjettforslag ivaretek dette. Formannskapet sitt budsjettvedtak viser at me vil noko med Sveio, og at me satsar på spanande prosjekt.
Likevel må det seiast at årets budsjett er svært krevjande å handtere. Pandemien har gitt eit uoversiktleg kostnadsbilde for inneverande år og en situasjon der det er høgst uklart korleis dette vil treffe oss neste år.
I tillegg er det uheldig at administrasjonen allereie har bakt inn betydelege inntekter frå havbruksfondet i neste års driftsbudsjett. Dette er inntekter me veit blir mindre i åra framover og me vil derfor måtte kutte i neste omgang. I tillegg var det lagt opp til ei betydeleg auke i eigedomsskatten. Dette har gitt eit budsjett med lite handlingsrom. Etter en god og grundig behandling av budsjettet er me kome fram til justeringar i budsjettet som ivaretek innbyggarane sine interesser og riggar heile kommunen for videre utvikling og vekst.
Sveio FrP er oppteken av sikker og effektiv ivaretaking av kommunens primæroppgåver, samt utvikling av heile kommunen utan at rekninga uforholdsmessig vert lagt over på innbyggarane. Dette bærer også vårt budsjettinnspill preg av. Her vil Sveio FrP trekke fram:
- Heile rådmannens føreslegne auke av eigedomsskatten er tatt ut og sparar innbyggarane for anslagsvis over halvannan million kroner neste år og det blir iverksett arbeid for å fjerne eigedomsskatten heilt.
- Det sikrast fortsatt full trykk på breidbåndsdekning i heile kommunen
- Det vert lagt opp til å selge unna eigedomar og bygningsmasse kommunen ikkje treng. Det vil føre til lågare driftskostnader og frigjere investeringsmidlar.
- Fortsatt fullt trykk på gjennomføring av vedtekne prosjekter.
- Etablering av oversikt over ikkje lovpålagte tenester som blir utført av kommunen, som vil gjere det mogleg omdisponering av midlar til primæroppgåver.
- Styrking av Førde er viktig for FrP og me er glade for å få støtte til arbeidet med å få på plass ei framtidsretta vegløysing for Solheimslio og Lauvneset.
- Lysløype til Ryvarden som eit folkehelsetilbod.
- Resterande midlar frå havbruksfondet vert sett av til investering.
- Når det gjelder utbygging av vassleidning, kjem me til å be om eigen sak på dette våren 2021 for å få eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag og sikre at offentlege midlar vert brukt best mogeleg.
Sveio Arbeiderparti er oppteken av at våre innbyggarar skal ha trygge, gode tenester med høg kvalitet i alle livsfasar. Me må sjå framover i krevande tider, og sørge for at me har ei berekraftig drift som sikrar våre innbyggarar på kort og lang sikt. Sveio Arbeiderparti er svært oppteken av å legge til rette for vekst og skapa attraktivitet i kommunen vår. Sveio Arbeiderparti vil særleg trekke fram:
- Me vil ha fortsatt fokus på god kvalitet i Sveioskulen. Me ønsker å oppretthalde og sikre klassedeling slik at me ivaretek lærarnormen me har i dag.
- Halde fullt trykk på arbeid med prosjekt som allereie ligg inne i økonomiplanen. Dette gjeld til dømes fleirbrukshall, badeanlegg, brannstasjon og ny barnehage i Sveio sentrum.
- Me vil sette av midlar til planlegging av ny kommunal barnehage i Sveio sentrum i 2021.
- Sikra framtida til Fartein Valen-arbeidet
- Fullt trykk på breibandsutbygging i kommunen.
- Me er oppteken av at våre barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår i Sveio. Me ser at fleire har utfordringar innan psykisk helse, og ber derfor Rådmannen utarbeide sak for å peike på relevante tiltak for å møta og avbøta unges utfordringar.
- Styrka arbeidet med trafikksikring
Sveio Ap, Sveio Frp og dei uavhengige vil i perioden fram mot kommunestyret arbeida for å styrka budsjettet ytterlegare med til dømes å styrka løyvingane til frivilligheita og styrka arbeidet med fengsel i Sveio.
Rådmannens framlegg til budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024 støttast, men med følgjande endringar:
Drift:
• Eigedomsskattesatsen vert halden på 2 promille for å sikre implementering av reduksjon i eigedomsskatten i tråd med stortingets intensjonar. Inndekning gjennom tilsvarande kutt til ramma for sentraladministrasjonen.
• Sveio FrP er opptatt av å oppretthalda den sosiale profilen knytt til innkrevjing av eigedomsskatt og ynskjer å behalda dette på dagens nivå og kan ikkje godta Rådmannens framlegg til reduksjon og opprettheld dagens botnfrådrag på 900.000 kr.
• Sveio er etter kvart komen i ein situasjon kor kostnadane knytt til innkrevjing av eigedomsskatt er uforholdsmessig høg i forhold til bidraget til driftsbudsjettet. Sveio bør difor ta mål av seg til å vera ein kommune utan eigedomsskatt. Rådmannen bes arbeide for å implementera dette i økonomiplanar/ budsjett frå og med 2022.
• Det er viktig å sikregod og tidsriktig infrastruktur i heile Sveio. Vi ber derfor rådamanne følje opp og sikre makasimal framdrift i det vidare arbeidet med sak «FOR 176/20 – Breibandsdekning i Sveio kommune» Formannskapet skal orienterast løpande om status.
• Sveio kommune sit på ein betydeleg eigedoms- og bygningsmasse. Rådmannen bes intensivere arbeidet med å avhende eigedommar, som ikkje har konkret nytteverdi for Sveio kommune.
• Restanselista til Sveio kommune syner eit betydeleg etterslep. Dette etterslepet skuldast i stor grad manglande gjennomføringskapasitet.
- Rådmannen bes kjøpe inn relevante eksterne tenester for å sikre gjennomføringskapasitet til ferdigstilling av planar. Inndekning innafor eksisterande rammer.
- Rådmannen bes innhente relevant og tilstrekkelege eksterne prosjektleiarressursar for å sikre gjennomføring av allereie vedtekne investeringsprosjekt. Inndekning i vedtekne prosjektrammer.
• Rådmannen bes utarbeide ein oversikt over ikkje lovpålagde oppgåver/ tenester, som kan danne grunnlaget for framtidige innsparingar i det kommunale driftsbudsjettet.
• Rådmannen bes komme tilbake til politisk behandling med sak om psykisk helse i skulen første møteserie 2021. Saka skal innehalda relevante tiltak for å møta og avbøta dei unges utfordringar
• Rådmannen bes utrede muligheten for å kjøpe barnevernstjenester fra andre kommuner.
• Rådmannen bes arbeide for å sikre ein berekraftig driftsmodell for Fartein Valen-arbeidet. Dette inneber å arbeide aktivt for å sikre statleg finansiering av dette arbeidet.
• Det er viktig at lærarnormen blir sikra på alle skulane i Sveio kommune. Størst utfordring synes å være ved Sveio skule. Det er opplyst at lærarnorma er sikra ut skuleåret 2020/2021. For å kunne sikre dette også for skuleåret 2021/2022, ber in om at Rådmannen legg fram sak siste møteserie våren 2021 i samband med revidert budsjett om status forut for skuleåret 2021/2022. Formannskapet skal i forkant bli orientert dersom det før revidert budsjett blir vurdert å slå saman klassar.
Investering:
• Folkehelse er eit stadig viktigare satsingsområde både for stat og kommune. Investeringa i lysløype knytt til golfparken har vist seg å vera vellukka og svært mykje brukt. For å styrke tilbodet ytterlegare og sørge for geografisk spreiing bør det også etablerast lysløype frå Mølstrevåg til Ryvarden. Det vert sett av 200. 000 til forprosjekt i 2021.
• Det vert sett av 500.000 til planlegging av ny Sveio barnehage i 2021
• Det er viktig å styrkaarbeidet med trafikksikring og gjennomføring av det som ligg inne i trafikksikringsplanane. Rådmannen bes følgje opp framdrifta i trafikksikringsarbeidet.
• Rådmannen bes sikre framdrift i arbeidet med å sikre ei framtidsretta vegutløysing for Solheimslio og Lauvneset i Førde.
• Planlegging av vassleidning til Flatnes vert førebels flytta til til 2022
• Planlegging av vassleidning til Fjon vert førebels flytta til til 2023
• Investering i ny gravemaskin 1.3 MNOK vert tatt ut av budsjettet.
• Resterande midlar frå havbruksfondet, som ikkje alt er tatt inn i drift 2021, skal setjast på fond til fleirbrukshall.
• Låneramma vertkorrigert i henhald til endringane ovanfor.
Rune Teikari, Håkon J. Skimmeland, Stian Nygård og Ole Johan Sveen
Sveio FrP, Sveio Ap og dei uavhengige representantane