nyhende

Prosjektet skal gå ut 2025:

– Eg gler meg veldig til å byrja i denne utruleg spennande jobben, seier Brynhild S. Herheim, nytilsett prosjektleiar for «Hallo! Adjø!» i Sveio kommune.
– Eg gler meg veldig til å byrja i denne utruleg spennande jobben, seier Brynhild S. Herheim, nytilsett prosjektleiar for «Hallo! Adjø!» i Sveio kommune.

Brynhild (36) skal jobba for at barn får ein god skulestart

Då det blei kjent at det skulle lysast ut ei stilling med målsetjing å sikra overgangen mellom barnehage og skule, blei Brynhild S. Herheim mildt sagt opprømt.

Publisert Sist oppdatert

Brynhild S. Herheim fortel ho dei siste åra har hatt ein draum om å jobba førebyggjande med barn og unge, så då stillinga kom innafor eit område ho har vore engasjert i både jobb og privat, var det klart ho måtte søkja.

36-åringen er utdanna vernepleiar med vidareutdanning i spesialpedagogikk. Ho har arbeidserfaring både frå barneskule, ungdomsskule og barnehage, og har jobba som spesialpedagog i ressursteamet i Sveio kommune i rundt ni år. Prosjektstillinga ho no har takka ja til skal gå over ein periode på 4 1/2 år.

Folkehelseprosjekt

Sveio kommune har fått 3,7 millionar kroner til sitt folkehelseprosjekt «Hallo! Adjø!». Pengane kjem som tilskotsmidlar frå Vestland fylkeskommune. Fokuset i prosjektet er overgangen for barn og unge, og utviklinga av eit heilskapleg system for overgangen mellom barnehage og skule.

Herheim fortel at ho lenge har vore oppteken av dette temaet, både i samband med jobb og privat.

– Det overraska meg at så mange barn, inkludert mine eigne, har hatt ein utfordrande overgang frå barnehage til skule, i større eller mindre grad. Eg har også forhøyrt meg med slektningar som bur andre stader i Noreg, der det er andre rutinar enn i Sveio, og har lenge fundert på korleis ein kan gjera denne overgangen optimal for barna, opplyser Herheim.

Ho har sjølv fem barn, i alderen 1-10 år. Familien bur på Våga i Sveio.

Eit løft for alle barn i kommunen

Herheim fortel ho kjenner seg stolt av å vera sveibu når det nå blir sett fokus og midlar til eit så viktig arbeid.

– Me veit at gode overganger kan gje barna gode fortrinn både sosialt og fagleg, i tillegg til at gode erfaringar vil følgja oss og gjera oss godt rusta til dei neste overgangane i livet. Samstundes kan vonde og vanskelege overgangar gjera læring og sosial utvikling meir utfordrande, og i verste fall vil det kunna setja eit negativt preg på den neste store overgangen i livet, då erfaringa sit i kroppen, fastslår prosjektleiaren som tek til i jobben 1. august i år.

Målplanar

Først og fremst skal den nytilsette prosjektleiaren bruka tid på kartlegging, observasjonar og samtalar med aktuelle partar, blant anna via tverrfaglege lærande nettverk.

– Det er utarbeida ein førebels prosjektplan som eg skal gjera endeleg i løpet av hausten, i tillegg til at eg tar utgangspunkt i dei rutinane som allereie er på plass i dag, og som fungerer bra og byggjer vidare på dette. Eg er svært strukturert av meg og kjem til å setja opp kortsiktige og langsiktige målplanar å arbeida etter. Det første året handlar om kartlegging og observasjon og ut å høyra om korleis opplevingane til både føresette, elevar, barnehage, skule og helsestasjonen er. Det er dette samarbeidet saman med aktuelle partar som vil danna grunnlaget for korleis overgangane skal sjå ut, og deira stemme som vil avgjera korleis me saman skal arbeida for å koma i mål, opplyser Herheim.

Samarbeidsprosjekt

Herheim ser det som viktig at alle involverte partar får kjenna på eigarskap og medverknad i prosjektet. Ho skal samarbeida både med skule/SFO og barnehage, som er naudsynt for å få til ein god overgang. I tillegg også samarbeida med PPT-tenesta og helsestasjonen. Det blir også viktig å involvera foreldre og barn som det faktisk gjeld, slik at dei får ein reel medverknad i prosjektet.

– Målet er at me saman skal koma fram til gode komponentar som alle ser som gjennomførbare og ønskjer å jobba mot, slik at me til slutt finn fram til, og klarar å implementera eit bra og velfungerande system for overganger barnehage/skule, utdjupar Herheim.

Ho ser det som ein styrke at ho sjølv har arbeida både i barnehage og skule, som er to svært forskjellige institusjonar.

– Spennande

Kommunalsjef Elisabeth Nygaard fortel dei gler seg til å få Herheim med på laget.

– Det blir spennande å sjå korleis me kan få til eit enda betre tverrfagleg samarbeid for å sikra gode overgangar for barn som skal starta på skulen. Mykje kan me, og mykje har me å læra, ikkje minst i å sikra medverknad, seier Nygaard i ein kommentar til Vestavind.

Powered by Labrador CMS