nyhende

Bruken av smertestillande legemiddel har auka med om lag 33 prosent i Noreg dei siste ti åra. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Bruken av smertestillande legemiddel har auka med om lag 33 prosent i Noreg dei siste ti åra.

Bruken av smertestillande legemiddel har auka kraftig

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: I løpet av ti år har bruken av smertestillande legemiddel på resept auka med om lag 33 prosent per innbyggjar i Noreg. Bruken av opioid har gått ned.

Det er dei svakare smertestillande som står for auken, ifølgje Apotekforeningen.

Frå 2012 til 2021 har forbruket av smertestillande auka med nesten 33 prosent per innbyggjar i Noreg, viser foreininga si eiga kartlegging. Den viser òg at bruken av opioid har gått kraftig ned. Sidan «toppåret» 2014 har bruken av desse legemidla gått ned med 18 prosent.

Opioid blir hovudsakleg brukt i korte periodar og gir best ønskt effekt i mellom anna sentralnervesystemet, ifølgje Store medisinske leksikon. Føreskriving av opioid for langvarig bruk har mellom anna ført til misbruk av legemiddelet og høge dødsrater, mellom anna i USA og Canada.

Tek ein ut opioid ut frå statistikken har det norske forbruket av smertestillande auka med 46 prosent dei siste ti åra. Tala viser at særleg bruken av legemiddelet Paracet og Arcoxia har auka, der endringa frå 2012 til 2021 er på høvesvis 125 prosent og 455 prosent.

Forbruket er størst i aldersgruppa over 70 år med gjennomsnittleg døgndose på 56.058 per 1.000 innbyggjarar.

Jenter bruker meir smertestillande legemiddel enn menn i alle aldersgrupper. Jenter mellom 10 og 20 år bruker 134 prosent meir smertestillande enn gutar på same alder. For aldersgruppene 20 til 30 år og 30 til 50 år bruker kvinner 85 og 74 prosent meir. For dei mellom 50 og 70 år og for dei over 70 er forbruket til kvinnene 63 og 64 prosent høgare enn menns.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS