nyhende

Ny teknologi skal gjere kolonnekøyringa over fire fjellovergangar tryggare og meir effektiv. Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen
Ny teknologi skal gjere kolonnekøyringa over fire fjellovergangar tryggare og meir effektiv.

Brukar intelligente brøytestikker på fire norske fjellovergangar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Brøytestikker med GPS blir brukt på Hardangervidda, Hemsedalsfjellet, Filefjell og Vikafjellet for å redusere kolonnetida og auke oppetida.

Når brøytestikkene blir sett ut på hausten loggar Statens vegvesen nøyaktig posisjon for kvar enkelt stikke frå begge sider av vegen. Gjennom ein eigen app på nettbrett har brøytebilsjåføren også i dårleg sikt få oversikt over kvar brøytestikkene er, slik at han alltid kan plassera seg rett, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Kvart av dei maks 25 køyretøya i kolonnen får tildelt ei kolonnevakt, ei brikke på storleik med ein liten mobiltelefon. Brikkene har ein lysdiode som lyser grønt når avstand til bilen framfor er riktig, og raudt viss avstanden blir for stor. Også brøytebilsjåførane fremst og bakarst i kolonnen får informasjon om avstanden mellom køyretøya.

Dette skal gjere kolonnane tryggare og meir effektive. Det gjer òg det kan bli køyrd fleire kolonnar på kortare tid enn i dag.

Entreprenøren er Presis Vegdrift og brøytestikke-produsent ROadtech. Kontraktsummen er 670 millionar pluss moms. Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg.

Desse vegane får dei intelligente brøytestikkene: Riksveg 7 Haugastøl – Bu (inkluderer Hardangervidda), Riksveg 52 Storeskar – Borlaug (Hemsedalsfjellet), Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet), E16 Voss – Tyin (Filefjell), Riksveg 5 Håbakken – Fodnes.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS