nyhende
90-åring frå Sveio deler minne i ny bok:
Brørne delte på førarkortet
Då Olav S. Reiersen (90) kjøpte sin første bil, hadde han ikkje førarkort. Det hadde derimot tvillingbroren. – Me var så like at begge brukte det same sertifikatet, fortel han.
Dette er ei av mange historier frå yngre år som den utflytta sveibuen fortel om i debutboka si «Hansemann og meg». Boka blei lansert under ei samling på Sørhaug bedehus i Haugesund laurdag. Undertittelen «født med hammer i nevene», seier noko om dei to tvillingbrørne sine interesser heilt frå barndommen av.
Ordførarane både i Sveio og Haugesund var til stades saman med 65-70 andre under boklanseringa. Elles var det familie og vener, naboar og arbeidskameratar frå HMV (no Aibel) som møtte fram. Halvparten av opplaget på 100 eksemplarar blei selt under lanseringa. Reiersen fekk det travelt med å signera bøker.
Bygt på dagbøker
Reiersen har budd eit steinkast frå Sørhaug bedehus sidan 1959, men har i alle år hatt hytte på Søre Våge der han vaks opp. Mykje av innhaldet handlar også om oppveksten i Sveio.
Tvillingbroren Hans – eller Hansemann – er med gjennom heile forteljinga. Dei tette banda mellom dei to brørne og sorga over at Hans gjekk bort så altfor tidleg, er merkbar både i boka og under intervjuet med Reiersen. Elles byggjer mykje av innhaldet på forfattaren sine dagbøker.
– Eg har skrive dagbok kvar dag frå 1967 til eg måtte leggja pennen bort på grunn av parkinson-sjukdommen, forklarar han og viser til at han har blitt så skjelven på hendene.
Vestavind møter den nybakte forfattaren saman med nevøen Edvin Reiersen. Edvin har hjelpt til med redigering og bildebehandling. Irene Flatnes Haldin ved HBO Grafisk AS har stått for den grafiske utforminga. Det er også HBO Grafisk AS som har trykt boka, medan utgjevar er Bergitte Reiersen.
Barndom under krigen
Olav Reiersen var seks år då krigen kom til Noreg. Og på Søre Våge kom krigen svært tett innpå livet deira. Tyskarane etablerte seg med bunkerar og øvingsfelt like i nærleiken. Ein del av området var minelagt. Dei var ofte vitne til øvingsskyting rundt seg.
Nokre gonger fekk dei ordre om å evakuera under slike øvingar. Ein gong blei stølshuset på garden treft og øydelagt av ein granat som etter alt å døma var skoten ut frå tyskarane sitt fort i Skåredalen.
– Me var også vitne til at britiske og norske fly gjekk til åtak på tyskarane sitt fort på Hagland. Ein gong såg me sporlysa under eit slikt åtak då me var på veg heim frå basar i Vikse bedehus, fortel Reiersen.
Dei blei vane med å sjå tyskarane rundt seg. Av og til gjekk soldatane inn i fjøset for å varma seg. Tvillingane samla tomhylser etter skyteøvingar, meir spente enn redde for det som gjekk føre seg. Andre gonger knabba dei materialer frå tyskarane til å byggja leikehytter av.
Hugsar fredsvåren
Reiersen minnest også fredsdagane i mai 1945.
– Mor ville ta oss med til Haugesund 17. mai, men alle bilar var fulle før dei kom til Søre Våge. Me gjekk heilt til Saltveit før me endeleg fekk plass på tilhengaren til ein av Sveio Billag sine rutebilar, fortel han.
Elles hugsar han denne første nasjonaldagsfeiringa på fem år som ein svært kjekk dag.
Hans og Olav gjekk på Vikse skule. Og sidan dei var tvillingar, delte dei på ein ransel! Etter at dei var ferdige med skulen gjekk vegen vidare til sildesalting i Haugesund. Med få månaders mellomrom drog begge gutane til sjøs i 1950. Hans var først.
Olav reiste heimefrå i juni for å mønstra på «Elisabeth Bakke» i Milano. Han skifta båt under vegs og var ute til sjøs i tre år samanhengande. Og han ville vore lenger om han ikkje hadde blitt sjuk. Vel heime brukte han ein del av hyra til å kjøpa A-Forden som alt er nemnt, men han kom aldri til sjøs igjen. I staden blei det nokre år i entreprenørbransjen og 37 år som HMV sin Petter Smart, for å bruka nevøen sine ord.
Husbygging og politikk
Ein del av boka handlar om perioden då dei to tvillingbrørne bygde tomannsbustad i Djupaskar. Det var framleis rasjonering av byggevarer på slutten av 1950-talet. Olav, som framleis var einsleg, fekk av den grunn ikkje byggeløyvet. Heile huset måtte difor byggjast i broren sitt namn. Dei gjorde alt arbeidet sjølve.
I tillegg til arbeidslivet har Olav Reiersen vore engasjert i lokalpolitikken som bystyremedlem og skulestyremedlem for Arbeidarpartiet. Han var med på å grunnleggja AOF i Haugesund og var leiar i styret for museet. Han har også engasjert seg i arbeidet med å ta vare på veteranskipet «Ekar». Alt dette og mykje meir har fått omtale i boka.