nyhende
Brei politisk semje om dørterskelteneste i kommunane
Regjeringa vil kutte postomberinga til éin dag i veka, for å spare 1,5 milliardar kroner. Samstundes viser ei fersk undersøking at heile 63 prosent av kommunestyrepolitikarane meiner at noko av innsparinga bør til gå til å etablere ei landsdekkjande dørterskelteneste.
Forslaget til ny postlov har vore ute på høyring og vert truleg handsama i vårsesjonen på Stortinget. Medan ei avgjerd nærmar seg, har meiningsmålingsbyrået, Noregsbarometeret , undersøkt fleire forhold knytt til Posten si dørterskelteneste på oppdrag frå Fagforbundet, melder Fagbladet.
Gledeleg stort fleirtal
Leiar Cathrine Ertsås i Fagforbundet Post tykkjer det er veldig gledeleg at eit så stort fleirtal på tvers av partipolitiske skiljelinjer stiller seg positive til å innføre ei dørterskelteneste:
– Det er viktig å vektleggje, når ein ser på funna her. Heile 76 prosent svarer at det er viktig for kommunane å kunne nytte Posten sin lokale infrastruktur i beredskapssituasjonar. Det er etter mi meining eit av dei viktigaste funna i denne undersøkinga, seier ho til Fagbladet.
Direkte levering
Ei dørterskelteneste inneber at postbodet leverer brev direkte i døra til eldre og andre som ikkje bruker digitale tenester. Tenesta, som er testa ut i ni kommunar på ulike kantar av landet, har så langt synt svært gode resultat. Ordførarar i pilotkommunane melder om at tenesta bidreg til å aktivisere eldre, då dei får informasjon om lokale aktivitetar på ein langt meir effektiv måte.
Politiet ser også på dørterskeltenesta som ein verdifull lokal informasjonskanal, når det gjeld å nå ut til ikkje-digitale innbyggjarar med til dømes informasjon om omreisande bandar av svindlarar som tilbyr handverkartenester, spesielt retta mot eldre.
Nasjonal teneste
Sjølv om dørterskeltenesta vil vere av stor nytte for felt som justis, forsvar, helse og omsorg, og kommunesektoren, har Samferdselsdepartementet førebels sagt nei til innspel om innføring av ei nasjonal dørterskelteneste. Fagforbundet jobbar difor målretta, for å få til ei kursendring frå regjeringa i saka. LO har også engasjert seg med tyngd i saka.
Utfordringa er finansieringa. I mange av kommunane er kommuneøkonomien pressa. Fagforbundet, KS og arbeidsgivarorganisasjonen Spekter trykkjer difor på i denne saka, for at regjeringa skal innføre dette som ei nasjonal teneste i regi av Posten, finansiert av staten.