nyhende

Braut seg inn hos NAV – mottaket stengt ut dagen

– Det er ikkje stole noko av verdi, seier Gro Stuve, konstituert leiar i NAV Sveio. Politiet fekk melding om innbrotet 07.59 tysdag morgon, og var på staden 08.32.

Publisert Sist oppdatert

– Uvedkommande har teke seg inn ved å knusa ei rute. Inne i lokalet er det ein del rot, men det er førebels usikkert om noko er stole. Patruljen er på staden, og det pågår undersøkingar og sikring av spor, sa vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved Haugesund politistasjon i dag tidleg.

Halvanna time seinare kan Gro Stuve fortelja at det heldigvis ikkje er stole noko av verdi.

– Dei som har brote seg inn gjorde det ved å knusa ei rute på kjøkkenet. Politiet har vore her og gjort sin jobb, og saka blir anmeldt. seier Stuve.

– Korleis blir dagen for dykk vidare?

– Mottaket blir stengt ut dagen, og me har hengt opp ein plakat på døra med informasjon om dette. I morgon onsdag vil me vera ope igjen som vanleg. Dei som treng akutt naudhjelp i dag, som økonomisk sosialhjelp eller mellombels bustad, kan ringa 916 07 903, seier Stuve.

Klokka 11.25 melder politiet at dei har ransaka bustaden til og avhøyrt ein mann i 30-åra. Det blei funne fleire gjenstandar som tilhøyer NAV-kontoret hos mannen.

Til Haugesunds Avis seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt at mannen blei lauslaten etter avhøyr, og at han har levert tilbake gjenstandane.

Powered by Labrador CMS