nyhende
Bråtveit bedehus seld kort tid etter visning
Eigedommen gjekk for to millionar kroner, og kjøparen er lokal. Styret i Bråtveit bedehus har lagt ein nøye plan for korleis pengane skal brukast.
Det var Meglerhuset Rele som sto for salet, og eigedomsmeklar Georg Berg er både nøgd og litt overraska.
– Salet blei gjennomført kort tid etter første fellesvisning, og det er eg nøgd med. Men eg er litt overraska over at ikkje fleire var interesserte i ein såpass attraktiv eigedom til den prisen, seier Berg.
Lokal kjøpar
Han fortel at kjøparen er lokal, og at styret i Bråtveit bedehus ønska å selja til den som fekk tilslaget.
– Veit du noko om kjøparen sine planar for eigedommen?
– Huset vil i første omgang bli leigd ut og brukt til ulike arrangement slik det har blitt gjort tidlegare, seier Berg.
Gir vekk pengane
– Me er godt nøgde med at det blei sal så raskt, seier Helge Matre, styreleiar i Bråtveit bedehus.
Styret har planlagt nøye kva dei to millionane skal brukast til.
– Då me bestemte oss for å selja, la me også ein god plan på førehand. 55 prosent blir fordelt mellom Sveio soknehus og Sveio bedehus. Pengane skal settast inn på eigne kontoar, og i alle fall for soknehuset sin del er det snakk om ein spesiell vedlikehaldskonto slik eg forstår det. Dei andre aktive bedehusa i kommunen får 15 prosent på deling. Det er også annan lokal aktivitet i Lid-krinsen rett over vegen for bedehuset, og dei får også 15 prosent. Dei siste 15 prosentane blir fordelt på fire misjonsselskap som har brukt Bråtveit bedehus som møtelokale, fortel Matre.
Kjenner kjøparen
Kommande kostnader til vedlikehald, og at bedehuset blei stadig mindre brukt – noko som også gav mindre utleigeinntekter – låg bak valet om å selja.
– Me kjenner kjøparen, som er frå krinsen, og har forstått det slik at dei vil halda fram med utleige. Noko me set pris på. Det er fleire arrangement booka framover, og dei vil no forhåpentligvis går som planlagt, men me har ikkje fått snakka med med kjøparen om dette enno, avsluttar Matre.