nyhende
Brannvesenet sine tips for trygg bruk av fyrverkeri
Det er berre tillate å bruke fyrverkeri nyttårsaftan i tidsrommet mellom kl. 18.00 den 31. desember og kl. 02.00 den 1. januar.
Haugaland brann og redning iks deler sine tips for tryggast mogleg rakettoppskyting siste dagen i 2020. – Fyrverkeri kan sendast opp dei fleste stader, men me tilrår å ta omsyn til menneske, dyr og bygningar/køyretøy, skriv dei på Facebook-sida si. Dette må ein hugsa på dersom ein skal halda på med fyrverkeri eller bruka stjerneskot:
Bruk av fyrverkeri
- Førebu fyrverkerioppskytinga.
- Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd.
- Les bruksanvisninga nøye og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.
- Fyrverkeriet må stå stødig, og skal ikkje kunna velta.
- Vern auga – bruk beskyttelsesbriller.
- Hald god avstand – anbefalt tryggingsradius er minst 25 meter.
- Bruk helst tennstav for å antenna fyrverkeriet.
- Sitt på huk, tenn lunta med strak arm og fjern deg straks lengst mogleg unna.
- Bøy deg aldri over antent fyrverkeri.
- Ikkje tenn på fyrverkeri to gonger! Fyrverkeri skal berre tennast på éin gong. Dersom du prøver igjen kan eksplosiva bli tente før du rekk å komma deg unna. Dersom fyrverkeriet ikkje blir antent etter første forsøk, vent minst 30 minutt, dynk med vatn og lever det tilbake til forhandlar.
- Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
Bruk av stjerneskot
Annonse
- Stjerneskot skal brukast utandørs.
- Ikkje tenn fleire stjerneskot samtidig. Blir fleire tent på same tid, kan flammane bli store, brenna svært hurtig og gjera skade.
- Bruk beskyttelsesbriller – gjeld òg barn.
- Ikkje vift stjerneskotet føre ditt eige eller andre sitt ansikt.
- Ikkje gi fyrverkeri til barn – det er 18 års grense for kjøp og bruk av fyrverkeri, men det finst stjerneskot og andre fyrverkeriartiklar som er godkjente for personar under 18 år. Desse kan brukast av barn og bør berre brukast viss vaksne passar på at det blir brukt riktig og at bruksanvisningen blir følgt nøye.