nyhende
Brannvesenet rykka ut 97 gonger
Statistikken for 2024 frå Haugaland brann og redning IKS (HBR) viser at Sveio og Førde brannstasjonar hadde høvesvis 55 og 42 utrykkingar. Aller flest utrykkingar var det til automatiske brannalarmar.
Faktisk over dobbelt så mange som til neste kategori som er helseoppdrag. Alarmane vart utløyste hos private, institusjonar, bedrifter, kyrkje og skule.
Trafikkulykker og unødig
På tredjeplass er trafikkulykker. Her var det utrykking til seks ulykker med ein bil involvert, fire ulykker med to bilar involverte, ei ulykke med bil og person, ei med bubil, bil og trailer, ei med bilbrann i tunnel og ei ulykke med to motorsyklar. Ingen kom alvorleg til skade i desse ulykkene.
Kategorien unødig kjem deretter, og her er det brannmeldingar som mellom anna viste seg å vera eksos frå bil i tunnel (2), skodde i skog meldt som brann og pollen eller liknande.
Redda lam og kattugle
Dyreredning kjem langt ned på lista, men viser breidda i kva brannvesenet blir kalla ut til. Stasjonen i Førde står for fjorårets to oppdrag der eit lam blei redda ut frå eit røyr og ei kattugle fekk hjelp til å koma seg ut av ein skorstein.
Brannvesenet hadde seks utrykkingar til brann i skog og mark. Brann i trafo, bålbrenning og truleg fyrverkeri er nokre av årsakene. Det var to bustadbrannar i 2024 og ein brann i eit uthus.
– Godt samarbeid
I desember markerte Haugaland brann og redning at Sveio og Førde stasjonar no er ute av samarbeidet. Frå årsskiftet har Haugesund brannvesen overtatt leiinga og den administrative drifta av brannvesenet i Sveio.
– Samarbeidet har vore godt, og det er ingen «hard feelings». Eigarane bestemmer, og det må me akseptera seier brannsjef Dag Botnen i HBR.
– Må forankrast politisk
Samstundes står det i årsrapporten at HBR ser det som uheldig at kommunane på Haugalandet ikkje kan stå samla i eit felles brann- og redningsvesen. Suksesskriteriene frå 2018 som selskapet bygger på står seg godt i dag der samarbeid sikrar høgare og betre fagmiljø, meir kostnadseffektiv drift og betre evne til å henta ut synergiar.
– HBR vil difor i sin selskapsstrategi jobba for å få til samarbeid på Haugalandet, men det må først forankrast på eit polititisk nivå. Me ønsker Sveio kommune lykke til vidare med ny organisering, og håper samstundes at me på eit seinare tidspunkt finn attende til kvarandre, skriv Botnen i rapporten.