nyhende
Torsdag blei det meldt om brann i ei søppelbøtte inne på Sveio skule.
Foto: Ellen Marie Hagevik
Brann i søppelbøtte
Torsdag føremiddag blei det meldt om brann i ei søppelbøtte inne på eit toalett på Sveio skule.
– Då brannvesentet kom til staden var søppelbøtta alt flytta ut av bygget, fortel vaktsjef Håkon Tornes ved Haugesund politistasjon.
Det er mistanke om at brannen var påsett. Førebyggande team skal etter kvart ha oppfølgingssamtale med ein elev som er mistenkt for å stå bak.