Klokka 14.14 litle julaftan fekk 110-sentralen i Sør-Vest melding om brann i ein bustad i Valevåg.
Det skal ha vore ei oppvaskmaskin som hadde tatt fyr, og det var opne flammar på kjøkkenet i bustaden då brannmannskap frå Førde brannstasjon kom fram.
Brannvesenet skal ha fått raskt kontroll på brannen.
Ingen kom alvorleg til skade i hendinga, men ein person fekk tilsyn av helsepersonell etter at vedkommande skal ha fått noko røyk i seg, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.
Annonse
Bustaden måtte luftas for røyk etter hendinga.
— Det blir truleg også behov for ein av våre restverdibilar, for å suge opp vatn som har blitt brukt til sløkkearbeidet, seier Stein Arild Egelan ved 110-sentrali Sør-Vest til Haugesunds Avis.