nyhende
Bra for Førde
Sveio kommune er positiv til ein planlagd ladestasjon for elbilar i Førde. Marco Thomas i Sveio Næringsforum trur det vil gagna næringa i bygda. — Kjempeviktig, seier han.
Arbeidet med å få bygga ein ladestasjon for elbilar i Førde held fram. Selskapet Kople AS som står bak søknaden, fortel at deira søknad er under handsaming. No ventar dei på endeleg svar frå kommunen.
— Dei har svara at dei er positive, men me ventar på det skriftlege, seier Lasse Sandø, talsmann for Kople AS.
Godt tilskot
Kommunen ser på søknaden som noko bra for bygda. Bjarne Hetlesæter er einingsleiar for plan og næring, og den som uttalar seg på vegne av kommunen.
— Me ser på dette som eit positivt tiltak, seier han.
Sveio kommune har venta på vegvesenet si tilbakemelding i samanheng med saka, og før påske kom gladmeldinga.
— Vegvesenet stiller seg positive, seier Hetlesæter.
Einingsleiaren trur ein ladestasjon kan verta eit godt tilskot på parkeringsplassen ved E39.
— Den verkar ikkje overfylt. Viss ein kan bruka det området fornuftig, som til dømes elbil-lading, vil det jo ikkje dra ned aktiviteten i Førde sentrum, men mogelegvis auka aktiviteten der. Det kan vera positivt, seier Hetlesæter.
Bra for næringa
Nøyaktig når saka er ferdig handsama avheng av arbeidsmengda eininga har med andre saker også, men han trur svaret vil verta klart innan seks veker.
— Viss alle forhold er lyste og vegvesenet er positive, slik dei er, så vil dette verta eit positivt tiltak, seier Hetlesæter.
Ein som er nøgd med framgang i saka er Marco Thomas, styremedlem i Sveio Næringsforum.
— Eg synest det er framtidsretta og eit kjempebra tiltak, seier han.
Thomas trur det kan ha ein tosidig, positiv verknad. Det første er å dekka eit behov.
— Eg kjenner faktisk nokon som ikkje kjøpte ein elektrisk yrkesbil fordi dei var usikre på rekkevidda. No kjem det også ein stasjon på Haukås, men likevel er det få lademogelegheiter mellom her og Aksdal, seier han.
Tid til butikktur
Det andre er kva det kan gjera for Førde som bygd.
— Det er ein bra plassering. Om dei ladar berre 20 minutt, så får dei jo tid til ein liten tur ned til butikken også. Det er berre positivt, seier Thomas.
Held Noreg sin bilpark fram med å elektrifiserast, trengs det fleire ladestasjonar overalt meiner han.
— Viss det kjem enda fleire elbilar så er jo det berre bra, seier Thomas.