nyhende
– Bra at vedtaket blir påklaga
Leiar for hovudtal teknisk/næring, Håkon Skimmeland har stor forståing at saka i Mølstrevåg har skapt frustrasjon. – Det er bra at vedtaket blir påklaga, seier han.
Ein næringsaktør og tre naboar i Mølstrevåg har sidan i vinter venta i spenning på om kommunen vil gi løyve til å riva dei tre siste bygningane på den gamle handelsplassen som Ølen Betong Gruppen AS eig.
For politikarane som har tatt stilling til saka, har det kun vore eit spørsmål om å gi dispensasjon eller ikkje, med reguleringsplan og kulturminneplan som styringsdokument.
Vanskeleg for alle
– Hovudutvalet har vurdert saka etter reglar for dispensasjon, knytt til reguleringsplan og kulturminneplan. Det er ei rekke andre interesser knytt til saka i større eller mindre grad, men det kan ikkje bli avgjerande for vår konklusjon, seier Skimmeland (Ap), som ser at saka har vore vanskeleg for alle involverte grunneigarar – også Ølen Betong.
– Dei har tankar og planar for vidare drift, men ein privatrettsleg avtale kan ikkje vera grunngivande for dispensasjon, seier Skimmeland. Sjølv om det blant politikarane har vore ymta frampå om at saka burde vore tatt opp igjen i hovudutvalet, står han fast ved avgjerda som han og tre andre i hovudutvalet gjekk inn for 30. august.
Atle Berge i Ølen Betong Gruppen AS og Arild Helland fortel til Vestavind at dei har klaga på vedtaket.
Møte på måndag
– Alt tatt i betrakning, er eg glad for at vedtaket blir påklaga. Hovudutvalet vil då få saka sendt over til revurdering. Viss ikkje vedtaket blir omgjort, blir den sendt vidare til neste klageinstans, som er statsforvaltaren, opplyser Skimmeland.
Neste møte i hovudutvalet teknisk/næring er alt på måndag, men saka ligg ikkje i sakslista.
– Ideelt sett burde me sett på den på måndag, då neste møte er i midten av november, seier Skimmeland, og legg til at det er kapasiteten til administrasjonen som styrer kva tid saka kjem.