nyhende

Hedda Brueland Mundal og Mats Østerli Nærum debuterte som bøssebærarar for TV-aksjonen i år.FOTO: PRIVAT
Hedda Brueland Mundal og Mats Østerli Nærum debuterte som bøssebærarar for TV-aksjonen i år.

— Bøssa vart veldig tung

— Det er ein deilig følelse å ha gjort ein god ting for andre, seier Hedda Brueland Mundal. Sundag var 8-åringen blant mange frivillige bøssebærarar i Sveio som samla inn pengar til inntekt for Leger utan grenser under årets TV-aksjon.

Publisert Sist oppdatert

TV-aksjonen i Sveio

Innsamlet 2022 (2021):

Totalt: 275.157 (318.967)

Bøsser: 139.274 (163.379)

Andre privat bidrag: 27.009 (48.103)

Skoler barnehager: 0 (4.520)

Kyrkjer/Trossamfunn: 0 (3.912)

Næringsliv/Organisasjoner: 39.113 (31.649)

Kommunens bidrag: 11.351 (13.656)

Annet: 58.410 (53.748)

Saman med kameraten Mats Østerli Nærum (9) gjekk Hedda Brueland Mundal (8) ei sløyfe på Tveit.

— Det var veldig hyggeleg. Mange var heime då med ringte på, og me møtte mange smilande menneske, fortel Hedda.

Bøssa blei tung

Nøyaktig kor mange pengar dei to samla inn veit ho ikkje.

— Men det var nok ganske mykje, for bøssa vart veldig tung, fortel ho.

Det er første gongen ho deltek som frivillig under innsamlinga. Ho fortel at det var ei veldig kjekk oppleving.

— For pengane me har samla inn går jo til ein veldig god sak, seier ho.

— Vil du vere bøsseberer neste år også?

— Ja, for det er ein deilig følelse å gjere noko som er bra for andre, seier ho.

Svak plassering for Sveio

I snitt har alle innbyggarane i Sveio kommune gitt 47,65 kroner kvar til årets TV-aksjon. Det plassarer kommunen på ein nokså beskjeden 215. plass blant landets 357 kommunar, og det er under snittet for landet som er på 49,07 kroner.

I 2021 var talet for Sveio 55 kroner. Då var snittet 49 kroner.

Til saman vart det samla inn 275.157 kroner i Sveio i år.

Totalt er det per onsdag klokka 9 denne veka samla inn 266.211.650 kroner i Noreg.

Så mykje har verksemder i Sveio gitt til TV-aksjonen:

Powered by Labrador CMS