nyhende
Borgarpanel vil gi dyr større valfridom
Eit borgarpanel med folk med ulik bakgrunn har sett på korleis dyrevelferda i norsk landbruk kan bli så god som mogleg. No er innspela samla i ein rapporten frå Ruralis som er send til Landbruks- og matdepartementet, og forskarane håpar politikarane lar seg inspirera.
Det fortel Ruralis-forskar Brit Logstein til Nynorsk pressekontor om eit prosjekt der ei gruppe vilkårleg utvalde menneske skulle danna eit såkalla borgarpanel for å koma med innspel og anbefalingar om korleis dyrevelferda i landbruket kan bli best mogleg.
Alle typar menneske på tvers av kjønn, alder og bakgrunn var representerte i panelet. Deltakarane var alt ifrå veganarar til unge og pensjonerte bønder.
Politisk ansvar
– Gruppa var einig om at bønder må vera i stand til å sjå til at dyrevelferda er best mogleg. Dei kom fram til at bøndene må gjerast ansvarlege, og for å oppnå det kunne ein gje bøndene økonomiske tilskot, seier Logstein.
Dei meinte også at bøndene måtte ha god tilgang på oppdatert informasjon om dyrevelferd. Fleire tykte at forbrukarane også måtte ta ansvar ved å velje varer i butikken ut frå merkeordningar som til dømes Nyt Norge. Nyt Norge garanterer at bonden har følgt strenge norske reglar og kan dokumentere det.
– Men gruppa såg på dyrevelferd som noko alle ønskte å oppnå og som eit politisk ansvar, heller enn eit marknadsansvar, forklarar Logstein.
Ho trur det kan ha samanheng med at Noreg er eit tillitssamfunn der ein historisk har hatt stolt mykje på den offentlege forvaltninga.
Økonomisk gulrot til bonden
Anbefalingane til borgarpanelet er delte opp i sju kategoriar. Det handlar om økonomi, kunnskap, kontroll, fagleg evaluering og betre regelverk, rolla til bonden og forbrukaren, verdikjeda for kjøt si rolle og til slutt politikk og offentlege styresmakter.
Nokre av anbefalingane til panelet er mellom anna at bønder bør få økonomisk stønad til løysingar som fremjar dyrevelferda på garden deira. Dei meinte også at bønder burde få økonomiske insentiv til å byrja med grønsaks- og potetdyrking for å redusera buskapen på garden.
Panelet tykkjer at det ikkje bør løna seg for matgrossistar å importera landbruksprodukt som like gjerne kan bli produserte i Noreg.
Send vidare
– Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) peikar på borgarpanel som eit viktig grep for å vareta innbyggarar og identifisera moglege løysingar på krevjande samfunnsutfordringar, seier Logstein.
Ho forklarar at både veganarane og bøndene blei meir medvitne om synspunkta til kvarandre.
– Dei som var frå landbruket bevega seg frå å snakka om dyrevelferd som reproduksjon og sjukdomsfridom til å inkludera naturleg åtferd og eigenverdien til dyra. Mens på veganarsida begynte dei å sympatisera meir med bøndene. Alle i gruppa viste ei form for bevegelse i oppfatninga si av dei andre.
Rapporten med innspela og anbefalingane til panelet er no send til Landbruks- og matdepartementet.
– Me håpar at dei ser på det som innspel som kan hjelpa dei. Dei held for tida på med ei dyrevelferdsmelding, og eit panel av den typen kan sjåast på som eit viktig bidrag i arbeidet.