nyhende

Ny smitterekord i Sveio:

Janne dirdal østerli medisinsk sekretær på sveio omsorgssentervaksine korona sprøyte pfizer
Sveio kommune bønfell no alle som kan av innbyggarane sine om å bestille time for tredje vaksine snarast.

Bønfell sveibuane: — Bestill time til tredje dose no

Sist veke blei det sett ny smitte-rekord i Sveio. No bønfell kommunen folk om å nytte seg av dei hundrevis av ledige timane dei har tilgjengele for å sette tredje dose denne og neste veke.

Publisert Sist oppdatert

Vaksinering i Sveio

Det vert koronavaksinering på Vigdartun tysdag 21.12 og onsdag 22.12 samt i romjula onsdag 29.12 for 3 dose for alle over 18 år med minst 4,5 mnd sidan dose 2, samt for dose 1 og dose 2.

Det vert drop-in for 1. 2. og 3. Dose onsdag 22.12 mellom kl 12.00 og 16.00, samt onsdag 29.12 mellom kl 10.00 og 13.00.

Alle som kan vaksinera seg, og som er innafor anbefalt intervall, vert oppmoda om å bestille time anten på nett eller via vaksinetelefonen på tlfnr 948 84 650 (ope kl 09.00-12.00).

Kjelde: Sveio kommune

Sveio kommune er no ein av kommunane med høgast smittepress på Haugalandet. Sist veke registrerte kommunen 40 nye tilfelle av koronasmitte. Det er ei kraftig auke frå veka før, då ein sette rekord med 33 nye smittetilfelle. Veka før der igjen var vekestalet 32.

500 ledige timar

No går kommunen ut med ei bøn til alle som fekk vaksinedose nummer to for 4,5 månadar eller lengre sidan, om å bestille time for tredje vaksinering. Eller nytte seg av tilbodet om drop-in.

Også dei som ønskjer å bestille time til vaksine nummer 1 eller 2 bes bestille time.

Denne og neste veke er vaksineringa flytta frå Soknehuset til Vigdartun. Vaksineringa går føre seg tysdag og onsdag denne veka, og onsdagen i romjula.

Kommunal for helse og omsorg i Sveio, Ingunn Toft.

Tysdagen denne veka er bortimot fullbooka. Då har kommunen 380 dosar tilgjengeleg. Onsdag får kommunen 650 nye doser.

Mange vegrar seg

Ved middagstider måndag var det berre bestilt 150 timar onsdag. Det urorar kommunalesjef for helse og omsorg i Sveio kommune, Ingunn Toft.

— Vi opplev at fleire vegrar seg mot å ta den tredje vaksina så tett opp mot jul, fordi dei fryktar biverknadar. Det er det ikkje grunn til. Vår erfaring er at det er få biverknadar, og at dei som fekk biverknadar etter første og andre dose, berre opplev mindre biverkandar etter tredje dose, seier ho.

Vanskelegare etter jul

Kommunen har på oppmoding frå statleg hald bemanna opp for å kunne ta unna vaksineringar med tredje dose.

— Det vil vere trist om me ikkje får nytta den gode kapasiteten vi har no, seier ho.

Og ventar du med å vaksinere deg, kan det vente eit ris bak spegelen.

— Det ein risikerer ved å ikkje vaksinere seg no, er at det blir vanskelegare å få time når ein vil på nyåret, seier Toft.

— Må bestille time sjølv

Ho presiserer at folk må bestille time sjølv, på kommunen sine nettsider eller på vaksine-telefonen.

— Me opplev at fleire trur at dei får ein SMS om ledig time for tredje dose. Slik er det ikkje, fortel ho.

For å få folk til å bestille time har kommunen også byrja å ringe rundt til dei som potensialt kan få tredje dose no.

— Det kan vi gjere grunna auka kapasitet akkurat no, fortel ho.

Powered by Labrador CMS