nyhende
Bondeorganisasjon slår mat-alarm – vil pusta liv i 5.000 nedlagde gardsbruk
Stortinget har vedteke 50 prosent sjølvforsyning innan 2030, men ingen offentleg plan for å nå målet er lagd. No krev Norsk Bonde- og Småbrukarlag handling.
Utanfor Stortinget i steikjande vårsol la bondeorganisasjonen tysdag fram beredskapsplanen sin. I den kjem dei med krav om at matvareberedskap skal finansierast som sivil beredskap – på line med Forsvaret og Natos krav om 1,5 prosent av BNP.
– Me er i totalforsvarsåret 2026, og difor lanserer me planen vår for korleis me skal auka den norske mat- og samfunnsberedskapen, seier leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) i ei pressemelding.
Naboland langt føre
Dei siste åra har Noreg spytta inn milliardar i forsvar og beredskap i takt med ei stadig meir uroleg og uføreseieleg verd. Her har òg norsk matproduksjon fått ein sentral plass, men utviklinga går for sakte, meiner NBS.
Bondeorganisasjonen viser til at Noregs sjølvforsyningsgrad i dag er på 37 prosent korrigert for importert kraftfôr, som er langt unna målet på 50 prosent sjølvforsyning i 2030 som Stortinget gjekk inn for i 2024.
Naboane våre Sverige og Finland ligg langt betre an, der sistnemnde kan visa til ei sjølvforsyningsgrad på heile 80 prosent, skreiv Bondebladet i november i fjor.
13.000 nye årsverk
Rundt 114.000 gardsbruk har vorte lagde ned i Noreg dei siste 50 åra, ifølgje Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
– Skal me auka oss opp frå ei sjølvforsyningsgrad på så vidt 40 prosent, så treng me fleire, ikkje færre bønder, seier Solberg.
I beredskapsplanen foreslår dei difor mellom anna at 5.000 nedlagde gardsbruk blir reetablerte, og dessutan 13.000 nye årsverk i jordbruket og nullvisjon for nedbygging av matjord. Planen inneheld sju tiltaksområde, med ei tidsline frå eitt til ti år.
Fleire stortingsparti og -profilar var med på arrangementet, blant dei Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Une Bastholm i MDG.