nyhende

Bøndene har levert krava sine i jordbruksforhandlingane som skal vere avslutta før 17. mai. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB / NPK
Bøndene har levert krava sine i jordbruksforhandlingane som skal vere avslutta før 17. mai.

Bøndene krev 27.500 kroner – prioriterer ammekyr og sauer

Organisasjonane til bøndene krev ei inntektsutvikling tilsvarande 27.500 kroner per årsverk i jordbruksoppgjeret i år – og at dei som tener minst skal få mest.

Ramma på kravet som vart overlevert staten måndag, er 2 milliardar kroner. Det er vesentleg lågare enn bøndene har fremja krav om dei to tidlegare åra, men kravet er likevel svært høgt, meiner forhandlingsleiaren til staten Viil Søyland.

Bøndene ligg an til å komme opp på same inntektsnivå som andre arbeidstakarar i løpet av 2025, poengterte ho då ho kommenterte kravet måndag ettermiddag.

– Det ligg derfor til rette for ei klart lågare ramme i år enn det vi har hatt dei siste åra. På grunn av dette er kravet høgt. Både storleiken på ramma og omfanget av det gjer at dette blir krevjande forhandlingar, åtvara ho.

Før forhandlingane kom i gang, meiner ho det er grunn til å stille seg skeptisk til kostnadsoverslaget til bøndene for 2026.

Leiar av Norges bondelag Bjørn Gimming (i midten) og leiar av Norsk bonde- og småbrukarlag Tor Jacob Solberg etter at dei har overleverer kravet sitt til jordbruksoppgjeret til forhandlingsleiaren til staten Viil Søyland.

Budsjettmidlar

Det aller meste av oppgjeret til bøndene må dekkjast gjennom budsjettoverføringar til landbruket – og må dermed konkurrere med andre formål som blir finansierte over dei årlege statsbudsjetta. 288 millionar av kravet blir finansiert gjennom auka målprisar.

Norges bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag har klart å samordne seg om eit felles krav i år. Sjølv om det hos Småbrukarlaget framleis er skepsis til grunnlaget for forhandlingane, har organisasjonen valt å stille seg bak det felles kravet og godteke det tekniske grunnlaget, ifølgje Tor Jacob Solberg i Norsk bonde- og småbrukarlag.

– Kravet skal dekkje anslåtte kostnader for neste år. Og sørgje for ei inntektsutvikling på linje med andre, seier forhandlingsleiar og bondelagsleiar Bjørn Gimming til NTB.

Storleiken er basert på Noregs Banks prognosar om ei inntektsutvikling i samfunnet neste år på rundt 4 prosent, ifølgje leiar Bjørn Gimming i Bondelaget. Han seier han har tru på at målet om inntektsutjamning kan nåast i år, men understrekar at før vi kjenner fasiten er også dette berre ein prognose.

Prioriterer sau og ammekyr

Organisasjonane meiner dessutan det er grunn til å vente auka kostnader om vi skal no dei politiske måla om 50 prosent sjølvforsyning i 2030.

– Produksjonsveksten kjem ikkje av seg sjølv, men det vil vere ei tidsforskyving mellom den innsatsen vi gjer. Kostnadene må vi leggje inn for å få auka produksjon. Inntektene kjem seinare, seier Gimming.

Han påpeikar dessutan at ikkje alle bønder får like stor del av den venta inntektsauken. Organisasjonane til bøndene krev derfor at dei som driv med sau og ammekyr – dei som ligg lågast i inntekt – skal prioriterast i oppgjeret i år.

– Det har vore naturleg å prioritere bruka med dårlegast økonomi i kravet i år. Vi treng å få med alle bønder vidare, og med svært avgrensa midlar til fordeling, har det vore nødvendig å løfte ammeku- og sauebruk spesielt, seier Gimming.

Blir avslutta før 17. mai

Kravet skal også sørgje for betre velferdsordningar for bonden, slik at næringa skal få meir framtidstru, og dessutan leggje betre til rette for klimaavtalen landbruket og staten har saman.

– Klimaarbeidet til næringa er i full gong. Å produsere mindre mat er ikkje eit klimatiltak. Vi må kutte utslepp per produsert eining på kvar enkelt gard, samtidig som vi aukar produksjonen basert på ressursane våre, seier Gimming.

Han peikar også på utvikling av jordbruket i Nord-Noreg som eit beredskapstiltak som er med i kravet i år.

Staten skal komme med tilbodet sitt til bøndene 7. mai. Forhandlingane mellom bøndene og staten skal vere avslutta 16. mai.

Powered by Labrador CMS