Bondeleiarane Bjørn Gimming (Norges Bondelag) og Kjersti Hoff (Norsk Bonde- og Småbrukarlag) overrekte krava sine til årets jordbruksoppgjer for ei veke sidan. Torsdag kjem statens tilbod.FOTO: NPK
Bondeleiarar vil ikkje diskutere tilbod under 9–10 milliardar
NPK-NTB: Bøndene krev 11,5 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret. Fleire fylkesleiarar seier staten må tilby minst 9 milliardar om det skal bli nokon forhandlingar.
Klassekampen har snakka med fleire fylkesleiarar i bondeorganisasjonane før staten kjem med tilbodet sitt torsdag, og det er ulikt kvar smertegrensa går. Fleire landar på at 9 til 10 milliardar kroner er det lågaste bodet det i det heile er verd å forhandle om.
– Det absoluttet minste ramma vi kan godta for å gå til forhandlingar, er ti milliardar, sett at innretninga er så treffsikker at det blir ansvarleg, seier Hanne Bjerkvik. Ho leier Bonde- og Småbrukarlaget i Sogn og Fjordane.
Fylkesleiar Tone Rubach i Troms bondelag er litt meir fleksibel.
– Tilbodet bør vere over ti milliardar, men for å setje seg ved bordet, snakkar vi over ni, seier ho. Ein liknande posisjon har òg Jens Olav Hov i Småbrukarlaget i Sør-Trøndelag innteke.
– Eit minimum bør vere på mellom ni og ti milliardar, seier han.
Fylkesleiar Åse Helen Monsø i Småbrukarlaget i Nord-Trøndelag og kollega Stein Brubæk har ingenting å gå på.
– Eg meiner kravet frå faglaga er ferdig pruta, seier sistnemnde.
Kravet frå bøndene inkluderer 2,4 milliardar kroner i kompensasjon for auka kostnader i år.
Tilbodet frå staten skulle komme onsdag, men tysdag ettermiddag vart det utsett éin dag.