nyhende

SlåttHøyballRundballÅker
Graset er tørt og sola steiker. Snart er det tid for førsteslått for mange bønder i kommunen.

Bondeleiar om graset: – Kan verta tørkestressa

Det nærmar seg førsteslått for mange av bøndene i Sveio. Leiar i bondelaget, Steinar Vikse, trur mange håpar på litt meir skugge grunna all varme og tørke den siste tida.

Publisert Sist oppdatert

Samstundes som det nærmar seg første slått for mange av bøndene i Sveio, er det mogelegvis ikkje berre gull og grøne skogar for graset. Varmen og sola den siste tida kan nemleg verka mot si hensikt, som Steinar Vikse i Sveio bondelag forklarar.

– Varmen påverkar graset veldig, det er det ingen tvil om. Graset vert tørkestressa. Varmen gjer at graset skyt fort, så det veks litt for fort, fortel leiaren for bondelaget.

Stressa gras

– Kva betyr det? Vert det ikkje like næringsrikt?

– Det kan vera, men avlinga ville nok ha vore betre om det var kaldare i vêret, svarar Vikse.

Sjølv har han ikkje sin første slått dei næraste dagane.

– Eg ventar litt. Eg har sau og ammekyr så hjå meg vert det ikkje før om rundt 14 dagar. Eg må bremsa litt fordi eg treng mengda, så me får sjå, seier han.

Vikse trur dei fleste bøndene følgjer godt med på vêrmeldinga, og samstundes på åkrane sine.

Brus og ølboksar ein trussel

– Er boss i åkrane eit stort problem?

– I år har eg ikkje noko inntrykk av det, men generelt når ein ser i vegkantane så finn ein jo alltid noko. Eg har inntrykk av at folk har vorte betre til å ta omsyn, seier han.

Det største trugselen er brus og ølboksar.

– Dei vert som små, skarpe skalpellar når dei vert kutta av slåmaskina, og hamnar så i magen til dyra. Det er smertefullt og katastrofalt, både for dyrevelferd og økonomien til bonden, seier Vikse.

– Kva er typisk boss å finna?

– Tomgods og plast generelt, for det bles lett og fyk vidare enten det kom frå eit bilvindauge, eit bosspann eller ein byggeplass. Men noko kjempeproblem er det ikkje, for ein tek jo gjerne ein runde over åkeren før ein kuttar, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS