nyhende
Bondelaget meiner landbruket bør få Norgespris på straum
Bondelaget meiner landbruket bør få høve til å sikre seg den kommande fastprisavtalen til 40 øre kilowattime (kWh).
Frå 1. oktober ønskjer regjeringa at alle skal få fastpris på straum til 40 øre kilowattimen – noko dei har valt å kalle Norgespris. Dette gjeld hushald og hytteeigarar.
Ikkje inkludert
Næringslivet er ikkje inkludert, men Bondelaget meiner også landbruket bør få høve til å sikre seg fastprisavtalen, skriv Nationen.
– Når regjeringa no har varsla at dei skal innføre ei fastprisordning, som vil bli ei valmoglegheit for dei som opplever at dagens straumstøtteordning ikkje er tilstrekkeleg, meiner Norges Bondelag at denne moglegheita også må gjerast tilgjengeleg for jordbruket, seier Arnstein Tveito, assisterande generalsekretær i Norges Bondelag.
60.000 kWh per månad
Landbruket har vore den einaste delen av næringslivet som har fått straumstøtte. Støtta har vore på 80 prosent av straumkostnadene som overstig 70 øre per kWh, og med ei øvre grense på forbruket på 60.000 kWh per månad.
Regjeringa meiner Norgespris vil vere eit godt alternativ til den gamle straumstøtteordninga, der staten dekkjer 90 prosent av kostnadene i enkelttimar der spotprisane er høgare enn 75 øre/kWh.