nyhende
Bømlafjordtunnelen på andreplass i brannfarekartlegging
Bømlafjordstunnelen er ein av dei undersjøiske tunnelane det oppstår flest brannar i viser ein ny rapport. Frå 2008 til 2021 har det vore 32 branntilløp eller brann i køyretøy i tunnelen.
Noreg er eit av dei landa i verda med flest tunnelar. Transportøkonomisk institutt har laga ein rapport om brannar i tunnelar sidan 2008, og Bømlafjordtunnelen kjem høgt opp på lista.
Den er nemleg av ein spesiell type, grunna at den er både ein undersjøisk tunnel, og ein med høg stigningsgrad.
32 tilfelle
Stigningsgrad viser seg å vera ein viktig faktor i kor stor faren er for at det oppstår brann i eit køyretøy.
Av dei totalt 226 brannane som oppsto i ein tunnel med høg stigningsgrad, sto fire undersjøiske tunnelar for 112 av tilfella, om lag halvparten.
Bømlafjordtunellen hadde 32 tilfelle av brann og tilløp til brann i perioden 2008 til 2021.
Tyngre køyretøy
35 prosent av hendingane både i Bømlafjordtunnelen og nasjonalt, involverer tyngre køyretøy.
Rapporten peikar særleg på tunge godsbilar, og seier at dei er overrepresentert i brannulukker, fordi dei berre utgjer 14 prosent av trafikkmengda.
Gjennomsnittleg oppstår det 27 brannar og 17 tilløp kvart år i tunnelar i Noreg.