nyhende

Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset

Bømlafjordtunnelen opna igjen – for andre gong i dag

Statens vegvesen melde klokka. 13.45 at Bømlagjordtunnelen var stengt og kunne bli det i inntil to timar. Heldigvis gjekk det mykje kjappare enn det.

Publisert Sist oppdatert

Det var eit køyretøy som blei ståande med punktert dekk som var årsaka til stenginga. Bilbergar var ikkje langt unna slik at det gjekk raskt å få fjerna bilen frå tunnelen, som blei opna igjen etter ein liten halvtime.

Det er andre gong i dag at tunnelen er stengt. Klokka 07.45 blei tunnelen stengt i ein kort periode med bilbergar henta ut eit køyretøy som hadde stansa.

Powered by Labrador CMS