nyhende

Her kan ein sjå kø ståande i sørgåande køyrefelt.
Her kan ein sjå kø ståande i sørgåande køyrefelt.

Bømlafjordtunellen stengt

Bømlafjordtunellen er stengt grunna stansa køyretøy melder Statens Vegvesen.

Publisert Sist oppdatert

Meldinga om at Bømlafjordtunellen er stengt kom først klokka 10.43 hjå Statens Vegvesen. Ifølgje Radio102 skuldast det to bilar som har stansa.
Vegvesenet melder på nettsida si at det er stansa køyretøy i tunellen.

Det er ikkje klart når tunellen opnast att. Biletet frå Statens Vegvesen sitt kamera på brua mellom Føyno og Stord viser lang kø i sørgåande køyrefelt.

Powered by Labrador CMS