nyhende
Boksa seg til førsteplass
Ahmed Umarovich Shidokaev (18) vann i helga NM i boksing i 71 kilos klassa, og sette dermed Sveio på kartet.
Meisterskapet blei arrangert i Molde med Moldekameratene bokseklubb som teknisk arrangør. Både senior og junior, kvinner og menn deltok. Fredag starta dei innleiande kampane, laurdag var det semifinalar og søndag finalar.
Frå NM til turnering i Spania
Etter NM-sigeren reiste sveibuen saman med juniorlandslaget direkte til bokseturnering i Spania. Det lukkast difor ikkje for Vestavind å få tak i NM-vinnaren, i staden fekk me trenar Stein Rune Eriksen i tale.
– Ahmed har boksa sidan han var 13-14 år, inspirert av broren som også driv med sporten, begge bur for tida i Sandnes. For to månader sidan debuterte Ahmed under ein landkamp i København der han drog heim ein norsk siger, fortel Eriksen.
– Blir spennande å sjå utviklinga
– Kva skal til for å bli ein god boksar?
– Det er ganske kompleks; uthaldenheit, eksplosiv styrke, koordinasjon og du må vera mentalt sterk. Når det kjem til øving inneber det frå ein til to økter om dagen. Ahmed er framleis er ganske fersk i gamet, men han trenar godt, det blir spennande å sjå utviklinga, seier Eriksen.