nyhende
Blir det færre brunsniglar i sommar?
Den ustabile vinteren vi har hatt kan bety ein sommar med færre brunsniglar.
Det skriv Forskning.no.
Brunsnigelen har eigentleg berre vist at han toler ned til tre minus. Det går ikkje ein vinter i Noreg utan at temperaturen søkk betrakteleg lågare. Likevel er brunsniglane er her enno.
– Dei ligg litt nede i jorda under vegetasjon og prøver å halde seg der det ikkje blir så kaldt, forklarer Bjørn Arild Hatteland, forskar på Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Snø isolerer, og viss det er stabilt kaldt med eit godt snødekke, vil sniglane kunne ha det ein god del mildare enn det temperaturen i lufta skulle bety.
Denne vinteren har snødekket rett nok ikkje vore til å stole på, noko som kan resultere i færre brunsniglar i sommar.
I tillegg til påverknadane av klimaet i vinter, viser det seg no ein generell nedgang av brunsnigleproblemet i Noreg.